Det var full trøkk heilt frå starten ved Forsamlingshuset og opp lia til inntaksdammen for Nordvik Kraft i føremiddag da Trollheimen Fjellsportklubb aarrangerte årets «Dammen Opp». Trur jammen alle deltakarane fekk betre tid i år enn dei hadde på fjorårets utgåve av Dammen Opp. Det var jamnt i toppen – Håvard Gjeldnes og Isak Drøpping kjempa om å kome først til toppen, og den kampen var ikkje avgjort før dei to var i mål. Håvard på bestetid 14,54 og Isak vart 1 sekund etter med tida 14,55.
Håvard forbedra tida si med 2 sekund frå i fjor, medan Isak fekk 1 minutt og to sekund betre tid i år, enn han gjorde i fjor da han gjekk i mål på 15,57. på tredje og fjerdeplassen kom Halvor Drøpping og Emil Ansnes – som begge kom inn på betre tid enn i fjor. Halvor forbedra tida med 53 sekund medan Emil forbedra med 15 sekund.
I dameklassen var det Lisabet Sæterbø som trekte det lengste strået, og kom i mål på 18,36 – det er 4 sekund betre tid en i fjorårets konkurranse. Lisabet kom i mål på 1 minutt og 20 sekund betre tid enn nr 2 i dameklassen Elise Einum som fekk tida 19,56. I trimklassen kom far og son Vikan, Ivar og Magnar i mål på same tid – 23,52. Elles var det 7 trimmarar som fullførte løpet utan tidtaking.
Vi kjem etter kvart med eit bildegalleri frå «Dammen Opp 2023»