Etter mange gode og helsebringande trimøkter i gymsalen gjennom haust og vinter er aktiviteten til dametrimmen no flytta utandørs. Torsdag kveld gjekk trimgjengen opp til Svinvikhammaren. Tretten damer var med på turen, og for mange av deltakarane var dette eit nytt turmål.
Oppe på Svinvikhammaren er det retteleg fin utsikt, og der står det ein god kvilarbenk. Eit flott turmål, og stien er merka frå Damvegen. Vi sakna kveldssola, for det ville nok ha sett ein ekstra spiss på turen.
Til hausten startar trimmen opp att inne, instruktør Turid Hals Sæther har sagt ja til ein ny sesong – det er trimmarane riktig glade for!