Vi har motteke ei lita sak frå gårsdagens treningsøkt for damene i bygda, frå ein av dei tidlegare redaktørene våre. For å ivareta treningsiveren vart det krav om full anonymitet for deltakere som tok mot til seg og dukka opp på tidlegare annonsert dametrim i Idrettslagets regi.
Som de ser var det full aktivitet på dei frammøtte. Sågar ein mann av ypperste kvalitet hadde forvilla seg i flokken. Også han ønska også full anonymitet. Han var til inspirasjon for damene, som lett fulgte anbefalingene hans for både mage og armøvingar.
Trimrommet på Heitt og Sveitt er godt utrusta for ei god og variert treningsøkt. Her er mange apparat å velgje mellom både for kondisjon og styrke. Og er ein fleire i lag, så blir det enda artigare og inspirerande samtykka dei frammøtte om. Desse kveldane er heilt uorganiserte, men med hensikt til å hjelpe kvarandre til å bli betre til å bruke utstyret, og ikkje minst halde kroppen ved like.
Angra du på at du ikkje drista deg i veg denne onsdagen har du no ei veke til å manne deg opp. Mellom ca 18-19.30 onsdager framover vil det garantert være fleire damer i lokalet som treng både litt sosialisering og oppstramming. Men det er inga servering. Kun faglitteratur er å finne på kafébordet desse kveldane.
Neste dametrim er onsdag 3. november klokka 18:00 på same stad!