Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Dalavegen – fortsatt stengt

Dalavegen – fortsatt stengt

Jon Olav Ørsal Laurdag 31. mars 2012

Det ser ut til at rasstaden i Falla har stabilisert seg, men vegen er framleis stengt på grunn av rasfaren. Stengt er også gammelvegen opp Falla for andre enn oppsittarane ovafor rasstaden. I løpet av natta har det kome 10-15 cam nysnø, og det har nok gjort den usikra gammelvegen enda farlegare å trafikkere. Vêrmeldinga utover dagen er opphald, men yr.no melder om meir regn til natta og etter kvart ein kaldare vêrtype og snø til søndag.

Det var nok mange som måtte fram med snøryddeutstyr i morgontimane laurdag. Vegane rundt bygda vart brøyta tidleg i dag, og da Todalen.no var oppom rasstaden i Falla var Gudmund Kårvatn på tur opp Falla på brøyterunden frå Kårvatn.

Publisert: 31. mars 2012, 11:34