Det vart resultatet av møtet som Todalen Idrettslag inviterte til i går kveld, i forbindense med randoneé arrangementet siste helga i februar. Denne helga blir det arrangert to renn, eit vertikalrenn laurdag med start ved Dalahaugen på Kårvatn som går opp til Tydalsnebba, og sprint søndag som går i området rundt Dalahaugen og Dalalia.
I forbindelse med laurdagens renn ønsker nokre eldsjeler å få i gang eit enkelt familiearrangement i målområdet etter at eliteløparane har starta og før dei kjem susande ned lia igjen. Ragnar Halle vart oppnemnt til renn- og arrangementsansvarleg. -Målet vårt må vera å få folk til å komme til Kårvatn denne dagen for å oppleva randoneeutøvarar i verdensklasse, meiner han. Med nokre enkle grep skal vi forvandle bakkane rundt Dalalia til eit eldorado med ski på beina. Her blir det hoppbakke, kuleløype, langrennsløype og akebakke. Akkurat slik som før i tida, men noko for alle alderstrinn. Deltakarpremiar til alle som kjem! lovar han.
Nils Ove Bruset som er rennleiar for randoneéløpa låner i tillegg bort søndagens sprintløype, slik at den som vil prøve den er hjerteleg velkomne til det. Og nei, ein må ikkje ha tipp topp utstyr for å prøve seg.
Sidan mange i idrettslaget allereie er opptekne med dei øvrige renna er Ragnar avhengig av hjelp til å bygge både hopp og kuleløype, ha mannskap i kiosken og nokon til å passe litt på rundt om på dei ulike løypene. Dei fleste som møtte på idedugnaden var opptekne med arbeidsoppgåver i hovedrenna. Og leiar i ski og friidrettsgruppa Gunnar Nordvik kunne melde om labert engasjement blant resten av medlemmene i denne gruppa. Ragnar håper derfor at nokon dei kommande dagane og vekene vil melde seg til han for å være med å skape liv og røre på Kårvatn laurdag 23. februar.
Hovedbildet viser ein liten Ivar Bolme i svevet ved Dalahaugen sist på 70-talet. MAnnen med kvit og svart topphuve er Johan Kalseth. Borghild Kvande i grøn skidress og Jorunn Ness ved sida av. Jentene i front kan være Magny Kjølstad og Anita Talgø. Begge foto frå Ragnhild Ansnes Moe sitt rikhaldige arkiv.