Som nemnt på siste medlemsmøtet tiSurnadal Pensjonistlag vil det bli arrangert busstur til Romsdalsmuseet i Molde. Turen er planlagt den 22.mai med avgang frå kulturhuset på Skei kl 0900. Første etappe går til Molde og Romsdalsmuseet. Deretter køyrer ein vidare til Bud og restauranten Bryggen i Bud. Her blir det middagsbuffet og dessert, før ein vender nasen heimover igjen.
Dei som allereie har meldt seg på treng ikkje gjera meir.
Samla pris for tur og middag kr 875,- pr person. Påmelding til Olav Jostein Holten tlf 46516449 innan torsdag 16. mai. Vel møtt helsar arrangørkomiteen!