Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Beredskapsdag med Sivilforsvaret – trygg men likevel sårbar?

Jon Olav Ørsal Tysdag 27. mai 2025

Denne tysdagen stod i beredskapens tegn – Sivilforsvaret i Kristiansund ba seg heim til Surnadal for å vise kva dei står for.  Leiar i LIA1 (Lokal Innsats Avdeling 1) frå Kristiansund, Svein Kringstad fortalte at dei i Kristiansund har 4 avdelingar og ca 100 personar i Sivilforsvaret.  Ein del avb mannskapet er frivillige, medan nokre er utnevnt til slik teneste.  No er dei litt rundt omkring for å vise seg fram, og for å informere litt om kva dei driv med.  Folk har faktisk levd i den trua at Sivilforsvaret er eit byfenomen, men slik ar det ikkje lenger – vi må bidra der det er behov, seier Svein kringstad.  

Les heile saka

Inviterer til pubaften i Stangvikbryå

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 26. mai 2025

Onsdag 28. mai klokka 20:00 – 01:00 inviterer Stangvik Grendalag på nytt til pubaften i Stangvikbryå. Shuffelboard og dartskive står klare for konkurranselystne gjester,og for dei som ønsker å spele sittande rundt bordet vil det vere fleire brettspel og kortstokker å velge i!

Les heile saka



Tilbake til røtene i Talgøtrøa

Jon Olav Ørsal Sundag 25. mai 2025

Dei siste dagane har familien Shade frå Michigan vore på gamle tomter i Todalen. Med Todalshytta som base og Ragnar Halle som kjentmann og omvisar har dei vore rundt og gjort seg kjent i Todalen. Mellom anna har dei vore innom Talgøtrøa, som er staden som Talgøyfamilien tok avskjed med da dei flytta til Eide.  Bestefaren til Gregory, var fødd i 1877 i TalgøTrøa, og reiste vidare frå Eide til Michiganområdet i 1903 – da var han 26 år gamal.

Les heile saka

John Pål Inderberg fekk Kleivaprisen 2025

Bjørn Gunnar Ansnes Laurdag 24. mai 2025

Under Kleivakvelden, som i år, på grunn av dårlege vêrmeldingar, vart flytta til Storstuå på Surnadal kulturhus, fekk John Pål Inderberg tildelt Kleivaprisen for 2025. Tordenskjold Songlag fekk ti tusen kroner og diplom frå Kleivafondet. 

Les heile saka


Tysdag er det fullt fokus på beredskap

Bjørn Gunnar Ansnes Fredag 23. mai 2025

Tysdag 27. mai klokka 11:00 – 14:00 kjem Sivilforsvaret i Kristiansund på besøk til Surnadal. Her vil dei ha stand på kulturhusplassen framfor Surnadal kulturhus. Her vil Sivilforsvaret vise fram utstyr dei har for å ivareta beredskapen i fall ein krisesituasjon, og korleis dei arbeider med beredskap og eigenberedskap.

Les heile saka

Stavgangtur til Bøkeskogen i Stangvika

Jon Olav Ørsal Fredag 23. mai 2025

Denne veka gjekk stavgangturen til Stangvika, med start frå Svissholmen og fottur vidare til Bøkeskogen.  Vi var heldige som fekk med oss lokal guide som kjente godt til historia om Bøkeskogen og som var lokalkjent i terrenget.  Denne dagen var vi 20 deltakarar på stavgangen –  neste veke går stavgangturen til Svorka, og da er turen flytta til ONSDAG 28. mai – med start til same tid kl 11:00.  

Les heile saka

Flyttar Kleivakvelden inn på kulturhuset

Bjørn Gunnar Ansnes Fredag 23. mai 2025

Med bakgrunn i vêrmeldingane for laurdag, har Vårsøghelg-arrangørane bestemt seg for å flytte Kleivakvelden inn på Surnadal kulturhus laurdag kveld. Pressemeldinga kan ein lese nedanfor: 

Les heile saka

Planlagt strumutfall for Todalen og Kvanne/Stangvik

Jon Olav Ørsal Fredag 23. mai 2025

S-Nett minner om planlagt straumutfall på grunn av arbeid på nettet natt til måndag.  Det skjer frå søndag 25. mai kl 23:00 til måndag 26. mai kl 06:00.  Området som blir berørt er frå Surnadal og mot Todalen og Kvanne/Stangvika.  

Les heile saka

Bli med Fjellgruppa til Skarvan

Bjørn Gunnar Ansnes Fredag 23. mai 2025

Tysdag 27. inviterer Fjellgruppa i Pensjonistforbundet Surnadal til fjelltur til Skarvan. Oppmøte på parkeringsplassen nedanfor øye kyrkje klokka 10:00 for samkøyring til Nordvik.

Les heile saka