Tysdag 3. juni inviterer Fjellgruppa i Pensjonistforbundet Surnadal til ny fjelltur, og denne gongen går turen til Klåberget.
Les heile saka
Tysdag 3. juni inviterer Fjellgruppa i Pensjonistforbundet Surnadal til ny fjelltur, og denne gongen går turen til Klåberget.
Les heile sakaDet er Trollheimen Fjellsportklubbsom står som arrangør og starten går torsdag 5. juni kl 18:00, frå Forsamlingshuset på Nordvik. Løypa er i underkant av 3 km, og går etter vegen opp til inntaket for kraftverket.
Les heile sakaI Halanesset, frå Stormyrhaugen og utover til Skrøå er det stor tømmerdrift i regia av Allskog og Sollid Skog AS. Dagleg leiar Bjørn Kåre Sollid fortel at det tilsaman er 2.600 m3 med grantømmer som skal sages ned og fraktes fram til veg. – Vi har ei utfordring med tømmerdrift i dette terrenget, og det gjeld både hantering av vatnet og med tanke på kor brattlendt det er. Vi ser det i ettertid at det kanskje skulla vore vinsja fram herfra.
Les heile sakaTysdag inviterte Fjellgruppa i Pensjonistforbundet Surnadal sine medlemmer og andre på fjelltur til Skarvan. Parkeringsplassen ved Nordviksetra var utgangspunktet for dei tjue fjellvandrarane som vart med på turen.
Les heile sakaLaurdag 28. juni er det Drivacup på Syltøran stadion i Surnadal og laurdagen etter, den 5. juli er det TodalsCup på Bordholmen stadion i Todalen. To tradisjonsrike cupar med ei lang historie bak seg. For spørsmål om TodalsCupen, ta kontakt med Bjørn Gunnar Ansnes på telefon 986 11 707. For påmelding, send e-post til bjorn.gunnar.ansnes@outlook.com
Les heile sakaI dag har vi observert to slåttakarra. Ola Kvendset er i gang med siloslåtten og han fortel at 1.-slåtten er «midt i laget» når det gjeld mengde. Den kalde vêrtypen vi har hatt i kombinasjon med mykje reg har gjort at graset ikkje er tidleg ute. No treng vi varme dersom vi skal få god grasvokster og gode avlingar.
Les heile saka«Hett & Svett» er treningsstudioet til Todalen Idrettsla. Det ligg i lokala som tidlegare vart bruka til bensinstasjon først og seinare vart det postkontor der til det vart opna post i butikk. No er lokala rusta opp og blir altså bruka til treningsstudio for Todalen ILs medlemar. I dag kom det ny romaskin på plass, samt 2 benkar som er bruka til styrketrening.
Les heile sakaPå Hageland byr dei på mykje blomster denne helgen – aldri før har vi hatt så stort utval i sommarblomster, seier Hubertine Roebroke som er gartnar på hagesenteret i Surnadal. – Pizza blir det og, for både torsdag og fredag vil Kjell Arve fyre opp pizzaomnen og servere steinomnbakt pizza til kundane.
Les heile sakaTodalen sanitetsforening har mange jarn i elden – i dag promoterte dei seg på beredskapsdagen på Skei, medan andre stod på med lunsjservering i Sanitetshuset. Dei hadde invitert heim den vaksne garde i todalen og dermed vart det nærare førte personar rundt bordet i dei nyoppussa lokala i Sanitetshuset.
Les heile sakaDenne tysdagen stod i beredskapens tegn – Sivilforsvaret i Kristiansund ba seg heim til Surnadal for å vise kva dei står for. Leiar i LIA1 (Lokal Innsats Avdeling 1) frå Kristiansund, Svein Kringstad fortalte at dei i Kristiansund har 4 avdelingar og ca 100 personar i Sivilforsvaret. Ein del avb mannskapet er frivillige, medan nokre er utnevnt til slik teneste. No er dei litt rundt omkring for å vise seg fram, og for å informere litt om kva dei driv med. Folk har faktisk levd i den trua at Sivilforsvaret er eit byfenomen, men slik ar det ikkje lenger – vi må bidra der det er behov, seier Svein kringstad.
Les heile sakaOnsdag 28. mai klokka 20:00 – 01:00 inviterer Stangvik Grendalag på nytt til pubaften i Stangvikbryå. Shuffelboard og dartskive står klare for konkurranselystne gjester,og for dei som ønsker å spele sittande rundt bordet vil det vere fleire brettspel og kortstokker å velge i!
Les heile sakaTodalen sanitetsforening inviterer bygdefolket til lunsj i Sanitetshuset tysdag 27. mai kl. 13:00.
Les heile saka