Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

God innspurt på fisket i Toåa

Jon Olav Ørsal Torsdag 21. august 2025

Det tegnar til å bli ein bra innspurt på fisket i Toåa i august. Den siste veka (veke 34) er det alt gjort 11 fangstar – 7 laks og 4 sjøaurar.  Dei 11 fiskane har ei gjenomsnittvekt på 2,6 kg, der den største laksen er på 7,0 kg og vart teken ved Steinutgarden i Brusetmarka sist tysdag. 

Les heile saka

Telia-nettet framleis nede

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 21. august 2025

Vi har også i dag vore i kontakt med Telia kundeservice, og dei kan no fortelje at servicefolk er på plass for å rette feilen, men at dei ikkje kan seie noko eksakt tidspunkt for når feilen er utbetra.

Les heile saka



Sommarfesta på sjukeheimen måtte flyttast innomhus

Jon Olav Ørsal Torsdag 21. august 2025

Sommarfesta for bebuarar og pårørande var planlagt som utendørsarrangement i det stor teltet som foreninga har sponsa, men båd vertilhøve og temperatur var med og bestemte at festa måtte gjennomførast innendørs i kantina på sjukeheimen. men sommerfest skulle det bli, og Surnadal demensforening og helselag svinga seg rundt og arrangerte fest i kantina og med sommarpynt og sommarhattar vart det automatisk sommarstemning i kantina. 

Les heile saka

Er du einsam kan det påverke helsa di

Jon Olav Ørsal Onsdag 20. august 2025

Onsdag starta Pensjonistforbundet Surnadal på «haustsemestret» med det første medlemsmøtet etter ein lang sommarferie. I haust skal dei kjøre ein møteserie der dei vil sett fokus på folkehelsa. Først ute var det Trine Glåmen som var hyra inn som foredragshaldar med tema «Folkehelsa i Surnadal – einsemd påverkar folkehelsa».  

Les heile saka

Telia-nettet nede nok ein gong!

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 20. august 2025

Da er Telia nettet i Todalen nede igjen! Nettet datt ut klokka 11:30 i dag, og i følge Telia kundeservice så skal feilen bli retta innen i morgen klokken 11:30. 

Les heile saka

Blå resept nå!

Dordi Jorunn Halle Onsdag 20. august 2025

Todalen sanitetsforening inviterer til ope møte i Sanitetshuset måndag 25. august kl. 18:00. Temaet for møtet er kvinnehelse: Hormonbehandling i overgangsalderen.

Les heile saka

Fjellgruppa med gråvêrstur til Klokkarhaugen

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 20. august 2025

Tysdag 19. august inviterte Fjellgruppa i Pensjonistforbundet Surnadal til fjelltur til Klokkarhaugen i Stangvik. -Værvarsla var ikkje dei beste for dagen når vi forlet bilane etter å ha køyrt Stangviklivegen opp til der stien til Storsetra kryssar vegen, fortel Lars Gudmund Røen i Fjellgruppa.

Les heile saka

Ope bakeriutsal hos Lia gard fredag

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 20. august 2025

Fredag 22. august frå klokka 11:00 er det igjen ope bakeriutsal hos Lia gard. Da kan dei igjen by på fersk bakst, så da blir det mogleg å få kjøpt både grovbakst og kaffebrød til helga. 

Les heile saka

Bli med på spørjeundersøking frå kommunen

Bjørn Gunnar Ansnes Tysdag 19. august 2025

Det er oppfordringa når Surnadal kommune no spør innbyggarane i kommunen om kva behov, planer eller tankar dei har for eigen bustadsituasjon no og i framtida. Innbyggarane vil også bli spurt om dei er førebudd på alderdommen og eventuelle helseutfordringar. 

Les heile saka