Stavganggtuppa i Surnadal Pensjonistlag starter stavgangsesongen med tur opp til toppen på Glærum onsdag 8. mai klokka 11:00. Parkering ved Kalkstranda, så går turen oppover derifrå. Denne første gongen blir det altså stavgang på tysdag, men frå og med neste tur, blir turane på torsdagar som tidlegare. Turmål som så langt er bestemt er Haltbakken […]
Les heile saka
Fredag 10. mai, mellom klokka 12:00 – 17:00, inviterer Lia gard til ope bakeriutsal i Lia. Her blir det mogleg å få kjøpt både grovbakst og noko godt til helgakaffen!
Les heile saka
Så langt i år har vi en anbefalingsgrad på 87,5%, og det er bra. Aller høyest ligg Hageland Surnadal med heile 98,6% – det er imponerande, seier kjededirektør i Hagelandkjeden Øyvind Krohn til Todalen.no.
Les heile saka
Ein månad lengre ut i året, og det er tid for å finne det beste bidraget til dagens bilete i april. Og ikke overraskande hadde april både siste rest av vinteren og vårteikn i seg.
Les heile saka
Todalen bøgdalag og Todalen Idrettslag har i år ansvaret for 17. maifeiringa i Todalen. Programmet for Nasjonaldagsfeiringa i Todalen er no klart. Det meste er kjent og kjært, men i år blir det ikkje tog etter kyrkja og ikkje ettermiddagsarrangement. Det heile startar med biltog frå Matkroken Todalen klokka 10:00. Etter biltoget blir det frokost i Todalen ungdomshus klokka 11:00.
Les heile saka
Todalen Sanitetsforening inviterer til kløvertur måndag 6. mai. Start frå Matkroken kl. 11:00. Alle er velkomne til å bli med ut på tur!
Les heile saka
Onsdag 8. mai kan Surnadal kino skilte med to Norgespremierar, når vi får eit gjensyn med den ganske bortskjemte katten Pusur i filmen Pusur-filmen og Kingdom og The Planet of the Apes. Pusur-filmen blir vist klokka 18:00, medan Kingdom of the Planet of the Apes blir vist klokka 20:00
Les heile saka
Styret i Todalen.no kallar inn til årsmøte fredag 10. mai klokka 18:00 i Skulstuå i Todalen. No er saklista til årsmøtet klar, og den kan du sjå nedanfor. Etter at årsmøtesakene er unngagjort, vil vinnar av «Årets bilete» bli offentleggjort. Det blir enkel servering.
Les heile saka
Todalen historielag har den siste tida jobba med planar for den tillyste sommarturen til Smøla. Det skjer torsdag 4. juli, og det blir ein heildags busstur. – Det er mykje å sjå på Smøla, så det blir fleire stopp, og det blir med profesjonell guide frå Nordmørsmusea som er ansvarleg for omvisinga. Turen blir arrangert i samarbeid med Stangvik historielag – les meir om detaljar, pris og påmelding nedafor:
Les heile saka
Da skriv vi mai, og endeleg kan Fjellgruppa i Surnadal Pensjonistlag invitere til ein ny fjelltursesong. Sesongens første turmål er Høgberget tysdag 7. mai klokka 10:00. Oppmøte på parkeringsplassen nedanfor Øye kyrkje.
Les heile saka
Godt over tretti deltakarar på dugnaden på Todalen kyrkjegard torsdag kveld. Folk kosa seg med dugnadsarbeidet denne flotte vårkvelden, der gradstokken viste rundt 20 varmegrader. Od det vart da ein snørtinn og fin kyrkjegard som vi kan være stolte av å vise fram.
Les heile saka
I oktober i fjor vart den nedlagte Todalen skule lagt ut for sal for 1 krone. Todalen Meieri var einaste interessent som ville kjøpe skulen. Etter forhandlingar mellom meieriet og kommunen, har også barnehagebygget blitt ein del av salet. Todalen barnehage vart nedlagt av kommunestyret tidlegare i år, og bygninga blir i dag nytta til bustad for flyktningar. I kommunedirektøren si innstilling til formannskapsmøtet tysdag 7. mai, rår han formannskapet til å gjere vedtak om også å selje barnehagebygget. Prisen for barnehagebygget er etter takst sett til 650.000 kroner.
Les heile saka