Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Grunneigarane protesterer mot etablering av nasjonalpark

Jon Olav Ørsal Onsdag 28. august 2024

Onsdag overleverte Eirik Fiske brev og underskrifter mot etablering av nasjonalpark i Trollheimen til kommunedirektør Lars Inge Kvande i Surnadal kommune.  Fiske representerer grunneigarane i den delen av Trollheimen som er foreslege omdisponert frå landskapvsvernområde til nasjonalpark. Saman med underskrifter frå 80-90 % overleverte Eirik Fisk brev og kart over det berørte området – kartet viser kva eigedomar som blir berørt og kven som har skrive under på protesten.

Les heile saka



Flugefiske bør du få på blå resept?

Jon Olav Ørsal Tysdag 27. august 2024

Når du står i Toåa med fluestanga, står tida stille.  Mange har sagt at det er ikkje avgjerande om du får laksen på kroken – opplevinga kan ikkje målast.  Tyskaren Enzo Hamann er ein av dei som har forelska seg i Toåa og livet på Todalshytta.  Vi trefte Enzo og Arve i Båthølen i dag, og slo av ein prat…

Les heile saka

Wigum ny dagleg leiar i Sparebankstiftelsen

Bjørn Gunnar Ansnes Tysdag 27. august 2024

I ei pressemelding no på tidleg ettermiddag, blir vi informert om at styret i Sparebankstiftelsen Surnadal Sparebank har tilsett Karina Wigum (53) som ny dagleg leiar i 30% stilling. Wigum tek til i stillinga 1. november, og tek sa over etter Kathrine Mauset som er tilsett og har teke til i stillinga som økonomidirektør i Alti Forvaltning.

Les heile saka

Inviterer til «felles middag» onsdag 28. august

Bjørn Gunnar Ansnes Tysdag 27. august 2024

Kyrkja i Surnadal inviterer til «felles middag» på kyrkjelydshuset onsdag 28. august klokka 16:00. Store og små i alle aldrar er da velkomne til kyrkjelydshuset på Skei, der det blir servert middag med påfølgande ettermiddagskaffe/te.

Les heile saka

Fin turdag til Tjønnmyrane

Dordi Jorunn Halle Måndag 26. august 2024

Siste måndagen i august gjekk kløverturen frå Gammelfabrikken opp Gammelfalla til Tjønnmyrane; ein fin tur med gode motbakkar.

Les heile saka


Talgø Møretre, NIBIO og det grøne skiftet

Jon Olav Ørsal Måndag 26. august 2024

Måndag hadde hadde Talgø Møretre besøk frå Norsk Institutt for bioøkonomi (NIMIO) på Gammelfabrikken.  Nimio har rundt 750 tilsette totalt, men det var ei gruppe forskarar, ingeniørar og studentar frå avdeling treteknologi som var her i dag.  Utviklingsdirektør Per Otto Flæte og andre leiarar frå Talgø Møretre var vertskap for gjengen som har har hatt omvisning på Gammelfabrikken i dag.  Dei skal vidare til omvising på Talgø MøreTre på tysdag, før dei dreg vidare til NIBIOS anlegg på Tingvoll.

Les heile saka

Pål Arne Winsnes innsett som ny sokneprest

Bjørn Gunnar Ansnes Sundag 25. august 2024

Pål Arne Winsnes vart under søndagens gudsteneste i Stangvik kyrkje innsett som sokneprest i Indre Nordmøre prosti, med alle seks sokna i Surnadal som tenestestad. Winsnes fyller eit langvarig tomrom. 

Les heile saka

Kløvertur til Tjønnmyrane

Dordi Jorunn Halle Sundag 25. august 2024

Todalen sanitetsforening inviterer til kløvertur måndag 26. august. Oppmøte ved Matkroken Todalen og start derifrå kl. 11:00. Alle er velkomne til å bli med ut på tur.

Les heile saka

Bli med Fjellgruppa til Valsetsetra

Bjørn Gunnar Ansnes Sundag 25. august 2024

Tysdag 27. august inviterer Fjellgruppa i Surnadal Pensjonistlag til fjelltur til Ålvundeid og Valsetsetra. Oppmøte klokka 10:30 på parkeringsplassen nedanfor Øye kyrkje for samkøyring til Kvanne og vidare til Ålvundeid.

Les heile saka