Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Klart for snorkløpping for nybrua

Jon Olav Ørsal Onsdag 9. juli 2025

Det er snart berre snorkløppinga som står att for den nye brua over Kvennhuselva på vegen opp til Hjellnes.  Det er det siste året pågått opprusting av vegen opp til Hjellnes i samband med Statnetts prosjekt for bygging av ny kraftlinje mellom Surnadal og Sunndalsøra.  Det blir i samband med dette arbeidet etablert ein helikopterbase på Hjellnes og dette er årsak til oppgradering av vegen og altså bygging av ny bru over Kvennhuselva.

Les heile saka

Nordvik: Dugnad med sosial grillkveld

Jon Olav Ørsal Tysdag 8. juli 2025

Nordvik grendalag ønsker velkommen til dugnad og sosial grillkveld. Det skjer fredag 11.juli kl 18:00, med oppmøte på Lekeplassen. Du blir tildelt arbeidsoppgaver på Lekeplassen og på Øygarden, skriv grendalaget i en melding.

Les heile saka


Bli med i Venner av Skulstuå i Todalen

Jon Olav Ørsal Måndag 7. juli 2025

Skulstuå i Todalen er eit kulturhus for alle – eit hus som og rommar den frie kunsten og den frie tankje, in spe og i all sin prakt.  No er det tid for medlemskontingent.
– Medlemskap er ein viktig del av drifta vår – takk til alle som støtter oss! Medlemmar blir tilsendt eit vippskrav for medlemskap i 2025.
Vi ønskjer nye medlemmar hjarteleg velkomne!

Les heile saka

Inviterer til Sommarpub

Bjørn Gunnar Ansnes Sundag 6. juli 2025

Laurdag 12. juli klokka 18:00 inviterer Stangvik Grendalag til Sommarpub i Stangvikbryå. Det er 18 års aldersgrense, og grendalaget har alle rettigheiter. Shuffleboardet og dartskiva står klare til bruk. 

Les heile saka


34 fotballkampar, og rekordar for fall på Todalsdagen

Jon Olav Ørsal Laurdag 5. juli 2025

Ein travel dag på Bordholmen er over – 34 fotballkampar og over 170 løparar har nok ein gong gjort Todalsdagen til ein festdag.  Alle har kosa seg og har kunna nyte finvêrsdagen og aktivitetane på Bordholmen stadion – enten frå dei 4 fotballbanane, frå løypa for Ræta Opp – eller knaskje frå tilskodarplass.  Det var mykje folk på Bordholmen i dag, sikkert mange besteforeldre og oldeforeldre som trufaste sponsorar til unge aktørar.  Bra at dere er med!

Les heile saka

Todalsdagen ’25 – snart går startskotet

Jon Olav Ørsal Laurdag 5. juli 2025

Om eit par timar går startskotet for Todalsdagen 2025 – Fotballcupen har første avspark kl 10.45, og vidare blir det da full rulle med fotball på 4 banar, og heile 22 lag vil delta i kampen om ballen.  Vi gler oss til å sjå alle smårollingane som skal vise oss kva som er ekte fotballglede på Bordholmen stadion.  Her får vi gjennom dagen sjå både 3-er og 5-erfotball gjennom fleire timar.

Les heile saka

Dugnad i regnet

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 3. juli 2025

Vêrgudane var rett og slett i dårleg humør og varta opp med den eine regnelingen verre enn den andre, da Bordholmen stadion skulle gjerast klar til den den 32 Todalsdagen på laurdag. Men eit lite tjuetals personar trossa vêret og vêrgudane og møtte opp på dugnaden, slik at anlegget kunne gjerast klart til laurdag. 

Les heile saka

Sommarlotteriet held fram og kampoppsettet er klart

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 2. juli 2025

Økonomigruppa i Todalen Idrettslag sitt Sommarlotteri held fram med førehandssal på Matkroken Todalen onsdag 2. juli klokka 10:00 – 12:00 og fredag 4. juli klokka 10:00 – 12:00. Elles er det mogleg å kjøpe lodd via Vipps 527926 heilt fram til midnatt fredag 4. juli. Trekninga er klokka 14:00 under Todalsdagen på Bordholmen stadion. 

Les heile saka

Vil styrke vidaregåande skule og yrkesfaga

Bjørn Gunnar Ansnes Tysdag 1. juli 2025

Ved middagstider tysdag, var førstekandidat Per Vidar Kjølmoen og tredjekandidat Berit Tønnesen for Møre og Romsdal Arbeiderparti til haustens stortingsval på besøk i Surnadal, der dei også hadde lagt opp til eit lite pressetreff. 

Les heile saka

Friluftslivets år – det er mykje som skjer i juli

Jon Olav Ørsal Tysdag 1. juli 2025

Du har nok for lengst fått med deg at 2025 er «Friluftslivets år». Her er nokre gaue utearrangement som går føre seg i Surnadal kommune i tida framover, og som du kanskje vil slenge deg med på: 5. juli blir Todalsdagen arrangert på Bordholmen stadion i Todalen. Der kan dei minste delta på TodalsCupen 2025, ein […]

Les heile saka