I samband med Eigenberedskapsveka ønsker Sanitetsforeningane i Todalen og Surnadal, saman med Svorka ønsker å rette søkelyset mot eigenberedskap og beredskapsven. Eigenberedskapsveka blir arrangert i uke 44, som er neste veke (27.10. – 2.11.25).
			 Les heile saka
				Todalen sanitetsforening arrangerte årets basar i Sanitetshuset torsdag 23. oktober. I alt kom det inn 40 940 kroner på årets basar! Både leiar, kasserar, styret og medlemmer helsar tusen takk til alle som har støtta basaren med gevinstar og loddkjøp! Dei er overvelda av den store støtta!
			 Les heile saka
				Du har kanskje fått med deg at klokka skal stilles natt til søndag.  Det skjer siste søndag i oktober kvart år, og dersom du har fått med deg at det er sommartid frå siste søndag i mars så ligg du egentleg godt an.  Men når stiller du klokka fram og når er det ti for […]
			 Les heile saka
				I førre veke hadde Todalen besøk frå Ytre Kunstfagskole. Då dei i fjor var på eit dagsbesøk, vart opphaldet denne gongen eit meir fordjupande møte med staden. Besøket starta i Molde, der studentane fekk omvisning i utstillinga Doggerland av Siri Skjerve og Toril Redalen ved Møre og Romsdal Kunstsenter. Omvisninga var òg eit ope publikumsarrangement og danna eit naturleg utgangspunkt for vidare arbeid i Todalen.
			 Les heile saka
				Svorka ordnar seg på å reparere skaen på høgspentlinja inn til Todalen – to kablar på linja vart kutta i samband med trefall under stormen Amy for eit par veker sia.  I mellomtida går straumforsyninga via høgspentkablar frå Drivhammaren og innover til kraftstasjonen i Rossåa.  Pål Heggset og John Langli er i gang med linjeryddinga og klargjer området til reparasjonsarbeidet startar.
			 Les heile saka
				Surnadal og Rindal kommunar har etablert «Bondens nettverk» med brei oppslutning lokalt. Representantar frå kommunane, veterinærane, rådgivarapparat, avløysarlag, bankar, regnskapskontor, næringsorganisasjonar og fleire. Målet vårt er å gjere det lettare for bonden å be om hjelp, tilby betre hjelp og førbygge alvorlege kriser for folk og dyr. 
			 Les heile saka
				Endeleg vart det lagt ny asfalt på den biten som mangla mellom den gamle Hals-bua og Gammelstua på Todalsøra.  Her har det vore sølepyttar i vegbanen året rundt, på grunn av tette avløpsrør og problem med å bli kvitt vatnet. 
			 Les heile saka
				Sanitetsforeninga minner om basaren torsdag:
Todalen sanitetsforening arrangerer basar torsdag 23. oktober i Sanitetshuset. Basaren startar kl. 18:00.
			 Les heile saka
				Måndag 13. oktober gjekk kløverturen frå Matkroken, utover til Rossåbrua og oppover skogsvegen til Rossåfossen. Etter dagar med mykje nedbør var fossen stor
			 Les heile saka
				Det er Tinde Sparebank, som gjennom Surnadal Demensforening og helselag har bidrege med ei gåve på 100.000, som har gjort det muleg i investere i ein Tovertafel til sjukeheimen. 
			 Les heile saka
				Etter fleire år med berre digital innsamling og med til dels dårlege innsamlingsresultat, besstemte styret i Surnadal frivilligsentral og dagleg leiar for sentralen seg, saman med fleire frivillige organisasjonar for at det skulle vere fysiske innsamling med bøsseberararr under årets TV-aksjon i Surnadal kommune. Inntekta frå årets TV-aksjon går til Atlas alliansen, som er ein paraplyorganisasjon som består av åtte organisasjonar for og av funksjonshemma.
			 Les heile saka
				Det er Rune Hannem som seier det – no er det berre Nordmørspols etter Todalstradisjon som er att, og alle dei andre variantane er borte.  Derfor inviterte Rune Hannem og kona Jorun seg til Todalen for å arrangøre Polsdanskurs.  Søndag kveld var det rundt 20 deltakarar som svinga seg til takter frå Torgeir Leivdal som trakterte fela i gymnastikksalen i bygningane til Todalen skule.
			 Les heile saka