Todalen sanitetsforening inviterer til kløvertur måndag 16. september. Oppmøte ved Matkroken og start derifrå kl. 11:00. Alle er velkomne til å bli med ut på tur!
Les heile saka
Ei verdig minnemarkering av hundreårsdagen til Alf
Det vart ei flott minnemarkering av Alf Ramsøy sin hundreårsdag, med allsidig feiring både utomhus og innomhus gjennom laurdagen. Feirings starta med rundtur om Ramsøya og Halanesset og vidare rundtur om Nessaøra. Jubileet hadde base i Skulstuå, og det var også lagt opp til mange forskjellige aktivitetar der og i lokala til Todalen skule.
Les heile saka
Rundtur om Ramsøya, Hengebrua og Nessaøra
Markeringa av 100-årsjubileet for Alf Ramsøy starta med trimtur frå Todalen skule i strålande ver! Sol frå skyfri himmel, men litt skarp haustluft.
Les heile saka
Inviterer til «haustpub» på Stangvikbryå
Laurdag 5. oktober inviterer Stangvik Grendalag til «haustpub» på Stangvikbryå ved Bondehuset i Stangvik. Grendalaget har tidligare arrangert både «påskepub» og «sommerpub» med stor suksess, så siden det no er tid for oktoberfestar rundt om, dreg de til med «haustpub på Stangvikbryå.
Les heile saka
Kartlegg bunnforholda for kaibygging
Dei siste dagane har det vore «mystisk» aktivitet i område mellom Veahuskaia og Elskarberget uti stranda. Mange har lurt på kva som har foregått, og kva som skal skje i dette området, med både ein fåte med mykje utstyr og ein båt som har vore bruka til fraktisng av utstyr og dei to som jobba på flåten.
Les heile saka
Da vart det vedstakk
I vår har ein «kaffekrokens venner» kosa seg med å lage ved på Talgø gard. Og når vi seier kosa seg, så blir det sakt at det er meir sosialt samvær og tullprat enn arbeid, men når ein ser på mengden med ved som er fylt i store og små sekkar, så har det ikkje vore berre tullprat kan vi fastslå!
Les heile saka
Stavgangarane drog til Vindøladalen
Torsdag inviterte Stavganggruppa i Surnadal Pensjonistlag hadde i dag invitert til stavgang i Vindøradalen. I tillegg til dei tjue stavgangarane frå pensjonistlaget, var det torsdag også med seksten elevar frå Surnadal videregåande skule på tur.
Les heile saka
100 år – Snart klart for jubileum
I Skulstuå har dei starta oppkjøringa til 100-årsjubileet som går av stabelen komande laurdag. Da skal det feirast at Alf Ramsøy ville fylt 100 år i år, og da er det sjølvsagt mykje som skal på plass før ein startar feiringa. I Skulstuå var det ein gjeng som jobba med skaling av potet og kutting av grønnsaker og kjøtt som etter kvart skal bli ein velsmakande lapskaus.
Les heile saka
Fjellgruppa prøvar seg på Vassdalen igjen tysdag
Tysdag 17. september inviterer Fjellgruppa i Surnadal Pensjonistlag til ny fjelltur. Tysdag prøver Fjellgruppa på nytt å kome seg til Vassdalen innst i Vindøldalen. Som kjent var det meininga å gå denne turen sist tysdag, men da var vêret for dårleg, så no prøvar dei på nytt og håpar på betre vêr.
Les heile saka
Siri Skjerve og Toril Redalen får 250.000 kroner i tilskot
Siri Skjerve og Toril Redalen sitt fellesprosjekt «Jordsmonn» er eitt av åtte prosjekt som til saman får 2,075 millionar kroner i tilskot frå Kultur- og folkehelseutvalet i Møre og Romsdal fylkeskommune. Pengane skal gå til å skape arbeids-, visnings- og produksjonsfellesskap innan kulturell- og kreativ næring. Siri og Toril får 250.000 kroner i tilskot i tildelinga.
Les heile sakaFotpleie i Sanitetshuset
No er det tid for ein ny runde med fotpleie i Todalen sanitetshus. Fotterapeut Pan Promchart tilbyr fotpleie måndag 23. september.
Les heile sakaInviterer til Jakt- og fiskeskole
Søndag 15. september klokka 12:00 – 15:00 inviterer Surnadal Jeger- og Fiskerforening (SJFF) til Jakt- og fiskeskole i Søyådalen, der temaet er mat på primus.
Les heile saka