Todalen sanitetsforening inviterer til ope møte i Sanitetshuset måndag 25. august kl. 18:00. Temaet for møtet er kvinnehelse: Hormonbehandling i overgangsalderen.
Les heile saka
Todalen sanitetsforening inviterer til ope møte i Sanitetshuset måndag 25. august kl. 18:00. Temaet for møtet er kvinnehelse: Hormonbehandling i overgangsalderen.
Les heile sakaTysdag 19. august inviterte Fjellgruppa i Pensjonistforbundet Surnadal til fjelltur til Klokkarhaugen i Stangvik. -Værvarsla var ikkje dei beste for dagen når vi forlet bilane etter å ha køyrt Stangviklivegen opp til der stien til Storsetra kryssar vegen, fortel Lars Gudmund Røen i Fjellgruppa.
Les heile sakaFredag 22. august frå klokka 11:00 er det igjen ope bakeriutsal hos Lia gard. Da kan dei igjen by på fersk bakst, så da blir det mogleg å få kjøpt både grovbakst og kaffebrød til helga.
Les heile sakaDet er oppfordringa når Surnadal kommune no spør innbyggarane i kommunen om kva behov, planer eller tankar dei har for eigen bustadsituasjon no og i framtida. Innbyggarane vil også bli spurt om dei er førebudd på alderdommen og eventuelle helseutfordringar.
Les heile sakaTorsdag 21. august klokka 11:00 inviterer Stavganggruppa i Pensjonistforbundet Surnadal til stavgangtur til Kvenndalen.
Les heile sakaLaurdag 23. august frå rundt klokka 09:00 er det klart for Søyacupen 2025! Det er påmeldt 89 lag, så her blir det fotball heile dagen på alle banane på Søyabanen. Det blir open kiosk og det blir sal av grillmat, så på laurdag kan ein innta middagen på Søyabanen samtidig som ein kan sjå så mange fotballkampar ein vil!
Les heile sakaRegnbyger heldt på å stoppe friluftsgudstenesta i arboretet i dag. Det regna faktisk godt i dag tidleg, men vêrmldinga på yr.no lova at regnvêret skulle gje seg i løpet av føremiddagen. Soknerådet tok difor avgjerda om å kjøre etter plana i Svinviks arboret – og yr.no heldt det dei lova. Gudstenesta i dag har dei kalla for «Skaparverkets dag», og da må vel arboretet være rett plassen for eit slik arrangement. På agendaen i dag stod det i tillegg til gudsteneste at det skulle være markering av 50-års konfirmantane og i tillegg utdeling av mi kyrkjebok til 4-åringar.
Les heile sakaPå grunn av melding om at Hennadalsvegen på grunn av vegarbeid er stengt for trafikk, endrar Fjellgruppa turmålet sitt tysdag, og inviterer i staden til tur til Klokkarhaugen i Stangvika. Oppmøte på parkeringsplassen nedanfor Øye kyrkje klokka 09:30 for samkjøring til Stangvika.
Les heile sakaTodalen sanitetsforening inviterer til haustsesongens første kløvertur. Oppmøte ved Matkroken og start derifrå kl. 11:00.
Les heile sakaDet var ingen som kunne truge med å slå Erik Kårvatn på laurdagens Kårvatn Skyrace 2025. Det var einast vêrgudane som i morgontimane truga heile arrangementet med regn og kald vind. Den 29 km lange løypa vart avlyst, og deltakarane som var påmeld der, 28 i talet, vart overført til 15 km-løypa. -Det var ikkje forsvarleg å sende folk oppi høgfjellet med slik vind og nedbørsmengd vi opplevde da, seier leiar i arrangørklubben Mette Sæter Ormset.
Les heile sakaSøndag 17. august klokka 12:00 inviterer Todalen Sokneråd til friluftsgudsteneste i Svinvik arboret, om vêret tillet det. Dersom vêret ikkje er bra, og regnet høljer ned, blir gudstenesta flytta til Todalen kyrkje til same tid.
Les heile sakaRegn og skodde i høgfjellet fører til at Trollheimen fjellsportklubb må endre programmet for Kårvatn Skyrace 2025. Det vil seie at 29 km går ut og løparande blir overført til den 15 km lange løypa i lag med juniorane. – Det er for resikabelt å sende løparane opp på snaufjellet i dette vêret, seier løpsleiar Halvor Drøpping. Dermed går starten kl 10:00 for 29 km løypa ut og dei startande blir overført til starten for 15 km som går kl 11:30.
Les heile saka