I Surnadal fortsett lag, organisasjonar og kommune å tilby ulike arrangement i anledning «Friluftslivets år 2025». I månadsskiftet august/september er det fleire gaue friluftsarrangement å gle seg til.
Les heile saka
I Surnadal fortsett lag, organisasjonar og kommune å tilby ulike arrangement i anledning «Friluftslivets år 2025». I månadsskiftet august/september er det fleire gaue friluftsarrangement å gle seg til.
Les heile sakaSommarfesta for bebuarar og pårørande var planlagt som utendørsarrangement i det stor teltet som foreninga har sponsa, men båd vertilhøve og temperatur var med og bestemte at festa måtte gjennomførast innendørs i kantina på sjukeheimen. men sommerfest skulle det bli, og Surnadal demensforening og helselag svinga seg rundt og arrangerte fest i kantina og med sommarpynt og sommarhattar vart det automatisk sommarstemning i kantina.
Les heile sakaOnsdag starta Pensjonistforbundet Surnadal på «haustsemestret» med det første medlemsmøtet etter ein lang sommarferie. I haust skal dei kjøre ein møteserie der dei vil sett fokus på folkehelsa. Først ute var det Trine Glåmen som var hyra inn som foredragshaldar med tema «Folkehelsa i Surnadal – einsemd påverkar folkehelsa».
Les heile sakaDa er Telia nettet i Todalen nede igjen! Nettet datt ut klokka 11:30 i dag, og i følge Telia kundeservice så skal feilen bli retta innen i morgen klokken 11:30.
Les heile sakaTysdag 19. august inviterte Fjellgruppa i Pensjonistforbundet Surnadal til fjelltur til Klokkarhaugen i Stangvik. -Værvarsla var ikkje dei beste for dagen når vi forlet bilane etter å ha køyrt Stangviklivegen opp til der stien til Storsetra kryssar vegen, fortel Lars Gudmund Røen i Fjellgruppa.
Les heile sakaFredag 22. august frå klokka 11:00 er det igjen ope bakeriutsal hos Lia gard. Da kan dei igjen by på fersk bakst, så da blir det mogleg å få kjøpt både grovbakst og kaffebrød til helga.
Les heile sakaDet er oppfordringa når Surnadal kommune no spør innbyggarane i kommunen om kva behov, planer eller tankar dei har for eigen bustadsituasjon no og i framtida. Innbyggarane vil også bli spurt om dei er førebudd på alderdommen og eventuelle helseutfordringar.
Les heile sakaTorsdag 21. august klokka 11:00 inviterer Stavganggruppa i Pensjonistforbundet Surnadal til stavgangtur til Kvenndalen.
Les heile sakaLaurdag 23. august frå rundt klokka 09:00 er det klart for Søyacupen 2025! Det er påmeldt 89 lag, så her blir det fotball heile dagen på alle banane på Søyabanen. Det blir open kiosk og det blir sal av grillmat, så på laurdag kan ein innta middagen på Søyabanen samtidig som ein kan sjå så mange fotballkampar ein vil!
Les heile sakaRegnbyger heldt på å stoppe friluftsgudstenesta i arboretet i dag. Det regna faktisk godt i dag tidleg, men vêrmldinga på yr.no lova at regnvêret skulle gje seg i løpet av føremiddagen. Soknerådet tok difor avgjerda om å kjøre etter plana i Svinviks arboret – og yr.no heldt det dei lova. Gudstenesta i dag har dei kalla for «Skaparverkets dag», og da må vel arboretet være rett plassen for eit slik arrangement. På agendaen i dag stod det i tillegg til gudsteneste at det skulle være markering av 50-års konfirmantane og i tillegg utdeling av mi kyrkjebok til 4-åringar.
Les heile sakaPå grunn av melding om at Hennadalsvegen på grunn av vegarbeid er stengt for trafikk, endrar Fjellgruppa turmålet sitt tysdag, og inviterer i staden til tur til Klokkarhaugen i Stangvika. Oppmøte på parkeringsplassen nedanfor Øye kyrkje klokka 09:30 for samkjøring til Stangvika.
Les heile sakaTodalen sanitetsforening inviterer til haustsesongens første kløvertur. Oppmøte ved Matkroken og start derifrå kl. 11:00.
Les heile saka