I forgårs, altså på torsdag, hadde Stavganggruppa i Surnadal Pensjonistlag invitert til stavgangtur til Haltbakken. Det vart parkert på Nordvik, og gått derifrå og utover til Haltbakken.
Les heile saka
I forgårs, altså på torsdag, hadde Stavganggruppa i Surnadal Pensjonistlag invitert til stavgangtur til Haltbakken. Det vart parkert på Nordvik, og gått derifrå og utover til Haltbakken.
Les heile sakaDet er no klart at at Erik Kårvatn fortsett på landslaget for Randonee også i sesongen 2024/2025. Norges Skiforbund Randonee har no gjort sine uttak og Erik er altså med i planene til landslagets satsing fram mot OL i Milano-Cortina i 2026.
Uttak til juniorlandslaget er også klart – her har både Aron Rodal Haugen og Isak Drøpping fått plass for sesongen 2024/2025.
I tradisjonen tru hadde Nordvik Grendalag invitert nordvikgardingane mai-feiring i Nordvik forsamlingshus. Rundt søtti møtte opp til feiringa av 17. mai, og dei fekk vere med på eit variert og innhaldsrikt program.
Les heile sakaMedan kvikksølvet varierte mellom 25 og 27 varmegrader på gradestokken var det kanskje naturleg at folk fann seg ein skuggefull plass i staden for å gå i kyrkja på gudsteneste. Men eit 40-tal hadde da funne vegen til dagens gudsteneste som starta kl 14:00 og som var ein del av programmet for feiringa av nasjonaldagen i Todalen
Les heile sakaMed blå himmel og sommartemperatur frå morgonen av var alt duka for ei vellukka feiring av nasjonaldagen her i Todalen. Programmet var på mange måtar tradisjonellt med biltog eller «skrommeltog» som det vart kalla før. Fortsettelsen var også tradisjonell med frukostservering i Todalen ungdomshus, men vidare vart det ein pause, før det vart gudsteneste i Todalen kyrkje kl 14, som siste post på programmet.
Les heile sakaTysdag 21. mai inviterer Fjellgruppa i Surnadal Pensjonistlag til ny fjelltur. Denne gongen går turen til Åkvikknoken i Heim kommune.
Les heile sakaDa Todalen bygdelag arrangerte påskequiz vart andrepremien som var ein pengepremie donet til Kaffekroken. I dag troppa Svein Håvard Brøndbo opp med marsipankake til gjestane i Kaffekroken, og da var det sjølvsagt «førstemann til mølla», der det vart kakeservering til dei som var på rett plass til rett tid – og det var Eivind Grønmyr og Ragnar Halle som var først ute.
På bilder sørger leiar i Todalen Bøgdalag, Svein Håvard Brøndbo, for servering da Matkronen opna butikken i dag tidleg.
I ei pressemelding frå Vårsøghelga no på føremiddagen, blir vi informert om at søndag 26. mai klokka 12:00, blir ei markering av Alf Ramsøy og Edvard Fliflet Bræin, som båe ville ha fylt 100 år i 2024. Dette skjer på på Åsen bygdemuseum. Billettar blir selt ved inngangen, og kostar kroner 150,-.
Les heile saka«Kaffekrokens venner» melder at dei har bestemt seg for å ta sommarferie frå trimmen på Hett & Svett, og heller trimme ute i vår og sommar. Dette inneber at det ikkje blir organisert trim fram til hausten.
Les heile sakaTodalen Idrettslag og Todalen bøgdalag inviterer, som tidlegare omtala til 17. maifeiring i Todalen. Det meste er tradisjonelt, der Nasjonaldagsfeiringa startar med biltog frå Matkroken Todalen klokka 10:00, og påfølgande frokost og kaffe med kaker i Todalen ungdomshus klokka 11:00. Ei endring i år i høve til tidlegare år, er at det ikkje blir folketog etter kyrkja.
Les heile sakaLaurdag 18.mai opnar klokka 11:00 er det sesongopning i Svinviks arboret. Da opnar hageporten og kafedøra for besøkande att! Arboretet held også ope søndag 19. mai og måndag 20. mai, altså heile pinsehelga.
Les heile sakaOSoknerådet minner om gudstenesta i Todalen kyrkje på nasjonaldagen 17. mai. Gudstenesta er ein del av det offisielle programmet og startar kl. 14:00
Vikarprest Torbjørn Brøske er liturg, og vikar for organisten er Bernt Bø. Takkoffer går til Todalen sanitetsforening denne dagen. Soknerådet byr på kyrkjekaffe etter gudstenersta.
Dersom du vil øve på salmesongen så er det følgande salar som blir bruka under gudstenesta: