Torsdag inviterte Stavganggruppa i Pensjonistforbundet Surnadal til stavgangtur til Krokvatnet. Og det vart ein skikkeleg fin haustdag med sol og god temperatur for dei tjue stavgangarane.
Les heile saka
Torsdag inviterte Stavganggruppa i Pensjonistforbundet Surnadal til stavgangtur til Krokvatnet. Og det vart ein skikkeleg fin haustdag med sol og god temperatur for dei tjue stavgangarane.
Les heile sakaVelkomen til vår jubileumskonsert, vår storsatsing med salmekonserten vi har kalla «Blott en dag». I samband med 30-årsjubileet inviterer vi til to salmekonsertar i haust. Du kan høyre oss i Øye kyrkje, laurdag 4. oktober og i Rindal kyrkje søndag 5. oktober – begge dagar kl. 17:00. Billettprisen er kr 300 og du kjøper billett ved døra.
Les heile sakaTodalen sanitetsforening inviterer til ope møte om kvinnehelse tysdag 23. september kl. 18:00 i Sanitetshuset. Vel møtt!
Les heile sakaFør stortingsvalet tek all merksemd, inviterer vi til å røyste på månadens bilete for august på todalen.no. Her er det ingen sperregrense, berre blinkskot frå fjord, fjell og ferje.
Les heile sakaI år fyller SpareBank 1 Nordmøre 190 år, eit jubileum som allereie har vore markert gjennom fleire arrangement dette året. No er det ungdommane sin tur til å vere med på feiringa, kunne Liv Dalsegg og Arne Berset fortelje under eit pressetreff på Øye onsdag formiddag.
Les heile sakaVerkstad etablert i 1979 med tilhøyrande tomt til salgs. Eigedomen ligg ved Todalsøra og er regulert til næringsformål. Salet vert gjennomført privat.
Les heile sakaI dag fekk vi det synlege beviset på at sommaren er på hell. Jenstad Maskin har jobben med å sette ut brøytestikker her i området på oppdrag frå Veidekke. I løpet av dagen kjem nok det meste av brøytestikkene på plass på FV 6145 inn til Todalen og nedover til Todalsøra og FV 6146 frå Kvennset til Bruset og FV 6148 frå Bruset og nedover til Halsabrua.
Les heile sakaVenneforeninga ved Surnadal sjukeheim, som i mars skifta namn frå Pårørandeforeninga, har ved hjelp av innsamla midlar og dugnadar, fått sett opp ein pergola ved Surnadal sjukeheim. I strålande sommarvêr og sol, var det tysdag offisiell opning av den nye pergolaen. Venneforeninga håper pergolaen blir til stor glede for bebuarane, pårørande og dei tilsette ved Surnadal sjukeheim.
Les heile sakaTodalen sanitetsforeninga minner om at salg av lodd på tre fine akvarellar av Hilde Karlsen held fram. Dette er årets kunstlotteri, og trekking av bileta blir på årsmøtet i 2026.
Les heile sakaDet vart ein fin tur i skikkeleg godt sommarvêr med høgt terreng da Fjellgruppa i Pensjonistforbundet Surnadal tysdag tok turen til Rindal og Tifjellet.
Les heile sakaSurnadal demensforening og helselag ligg no i startgropa for å starte med eit nytt kor i Surnadal, og tenkje da på eit kor for menneske som lever med demens, fortel leiar i foreninga Liv Botten. Aller først vil ho lodde stemninga for eit slik kor, og inviterer til første oppmøte tysdag 9. september kl 17:00 på Frivilligsentralen på Skei.
Les heile sakaTysdag 2. september inviterer Todalen Idrettslag alle Todalingar og alle andre i Stangvik skulekrins til lagseriestemne på Bordholmen stadion. Her blir det lengdehopp med og utan tilløp, kast av liten ball og springing.
Les heile saka