I helga var det sesongstart for randoneegjengen i Trollheimen fjellsportklubb. Aron Rodal Haugen og Isak Drøpping, som begge er på landslaget, viste gode takter og det lover godt for ein ny sesong som starter for fullt over nyttår.
Les heile saka
I helga var det sesongstart for randoneegjengen i Trollheimen fjellsportklubb. Aron Rodal Haugen og Isak Drøpping, som begge er på landslaget, viste gode takter og det lover godt for ein ny sesong som starter for fullt over nyttår.
Les heile sakaI ei årrekke har TrondheimSolistene gjort nyttårskonserter i regionen vår og Surnadal kulturhus. Fredag 10. januar klokka 19:00 kjem TrondheimSolistene, saman med Ragnhild Hemsing som solist til Storsuå på Surnadal kulturhus for å gje oss årets nyttårskonsert.
Les heile sakaFørste gevinst ut i dag er adventssterje i tre med innlagt lys. Her var det Anders Karlsen i Pestua som vart den heldige vinnaren.
Les heile sakaSøndag kveld var det lysmesse i Todalen kyrkje – det skjedde midt i mørkret i ei verd full av ufred og krig, der neste års konfirmantar tente fredslyset i håp om fred. Eit trettital – rundt halvparten av alle konfirmantane frå heile Surnadal deltok i lysmessa og tente lys og sørga for tekstlesing og framførte dagens preike på ein framifrå måte.
Les heile sakaFredag 13. desember frå klokka 12:00 – 17:00 inviterer Lia gard til ope bakeriutsal. Det nærmar seg jul, og det blir mellom anna for fullt koka smultringar hos Lia gard. Så vil ein sikre seg smultringar eller noko anne godt til jul, kan det vere lurt å førehandsbestille til fredag!
Les heile sakaFredag 27. desember klokka 16:00 inviterer Skulstuå i Todalen alle til Surnadal kino på Surnadal kulturhus der filmen Svein Åge Saksen laga i samband Alf Ramsøy sin 80-årsdag på Surnadal kulturhus i 2004.
Les heile sakaDenne søndagsmorgonaen er det 3 gevinstar i adventlotteriet til Todalen Idrettslag. På denne dag er det altså trekt ut 3 gevinstar som har fått sine vinnarar. Den første gevinsten er eit sitteunderlag i ull (om det er strikka eller hekla er vi usikker på) og heldige vinnarar er Gunhild og Håkon Brøndbo som bur på Brubakkan.
Les heile sakaMangel på godkjenning av ein nymontert vaier i alpinanlegget gjer at opning av anlegget må utsettast. Dette kan det kanskje bli ei ordning med alt på måndag, skriv Driva Tidlegare i veka var det kuldegrader i lufta og produksjonen av kunstsnå var i gang.
Les heile sakaThea Saksen startar helga som den heldige vinnar av eit par Selbuvottar i ull. Det er dagens første gevinst av i alt 4 som er trekt ut som vinnarar for laurdag 7. desember.
Les heile sakaKomande laurdag kveld – 7. desember – arrangerer Todalshytta årets rakfiskaften. Da bys det på rakfisk med alle typar tilbehør – og ein triveleg førjulskveld i Kammerpike Edits Spiseri. Bestill bord på SMS/telefon 929 97 550 til Arve Evensen. Kjøkkenet er ope i tidsrommet 17:00 – 21:00
Les heile sakaFredagens første gevinst går til May og Tor Holten som har vunnet middag på Cafe Fyret på Skei. De øvrige 3 gevinstane har fått andre vinnarar:
Les heile sakaJuleheftet «Jul på Nordmøre» gikk ut i ein fei da dei endeleg kom til Matkroken Todalen. Redaktøren Lars Steinar Ansnes hintar om at det no er ny forsyning på veg til Matkroken Todalen.
Les heile saka