Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Finale for T.I.L’s julekalender – Trekning for 24. desember

Jon Olav Ørsal Tysdag 24. desember 2024

I dag er det siste trekning for TILs julekalender for 2024 – dermed er det finale for ein stor suksess som har gått over 24 dagar i regi av Todalen Idrettslas trimgruppe.  Tilsaman har det vore selt julekalendrar for over 40.000, som gjev eit solid overskot til trimgruppas drift i 2025.  T.I.L.’s julekalenderkomite rettar ein stor takk både til dei som har bidrege med nærare 100 kortreiste gevinstar og til dei som har kjøpt over 400 julekalendrar. 

Les heile saka



Julegudsteneste i Todalen kyrkje

Jon Olav Ørsal Sundag 22. desember 2024

Julaftan – 24. desember – Blir det julegudsteneste i Todalen kurkje kl 16:00, med sokneprest Vidar Wilhelmsen Rygh.  Organist er Bernt G. Bøe, medan Rune Moe og Borghild B. Talgø er kyrkjevertar.  Takkoffer til kyrkjelydsarbeidet i Todalen. Salmane som skal syngast er kjente og kjære og har nummer 44, 51, 63, 27 og 48.

Todalen sokneråd ønskjer alle velkomne til julegudsteneste!


Kallar inn til årsmøte

Bjørn Gunnar Ansnes Sundag 22. desember 2024

Styret i Surnadal Pensjonistlag kallar inn til årsmøte 29. januar klokka 15:00 i lokala til Surnadal frivilligsentral i Fiskegården på Skei.

Les heile saka

Vart Iver Holens dag i Crevacol i dag…

Jon Olav Ørsal Sundag 22. desember 2024

Iver Holen sikra seg 4.-plassen under dagens konkurranse i vertikal i den italienske fjellandsbyen Crevacol.  Isak Drøpping måtte melde forfall i dag, men hadde ein stor dag i går, da han sikra seg 2.-plassen i sin klasse i sprinten.   Dei to var tekne ut for å delta i helgas WorldCup i alpelandsbyen Crevacol i Italia. 

Les heile saka


Talgø MøreTre får millionbeløp til forsking

Bjørn Gunnar Ansnes Laurdag 21. desember 2024

Forskningsrådet deler i desse dagar ut millionar av kroner til innovasjonsprosjekt i næringslivet. Innanfor segmentet Skogbruk og bruk av tre deler dei totalt ut 27 millionar kroner, og den største summen i denne runden går til Talgø MøreTre, som får heile 10 millionar kroner til utvikling av miljøvennleg impregneringsmiddel.

Les heile saka

Pallplass på Isak i dagens sprint i Crevacol – oppdatert

Jon Olav Ørsal Laurdag 21. desember 2024

Isak Drøpping som representerer Trollheimen Fjellsportklubb og Juniorlandslaget i Randonee sikra i dag sølvmedalje 18-årsklassen under ISFM Youth World Cup.  Crevacol ligg i de italienske alper på grensa mot Sveits og Frankrike. Isak gjorde eit kjempeløp og sikra seg andreplassen i dagens kvalifisering, og vidare andreplassen i semifinalen og til slutt andreplass i finalen – berre slegen av kineseren Langjia Gongsong. 

Les heile saka

Statistikk og premiering for «På tur i Todalen» 23/24

Bjørn Gunnar Ansnes Laurdag 21. desember 2024

Dei 86 trimmarane som hadde registrert seg i Trimgruppa i Todalen Idrettslag sin turappen «På tur i Todalen» hadde frå 1. oktober 2023 til og med 30. september 2024 totalt 5836 innsjekkingar på dei 27 turmåla. Toåa tursti tronar også i år på topp, med Løfta og Tjønnmyra på dei to neste plassane. 6 personar har i løpet av trimåret besøkt alle dei 27 turmåla. Dei seks er Jørgen Mæhle, Bjørn Kvendset, Jorid Haugen Ansnes, Mari Brusethaug Redalen, Kristian H. Gjeldnes og Marit Haugen.

Les heile saka

Helsing til sambygdingane!

Anonym todaling Laurdag 21. desember 2024

Da snøen hadde lagt seg om fredagskvelden 20.desember, og lysten på skitur var større enn lysten til å fullføre julevasken, sjekket jeg løyper.net med kryssede fingre. Og der lyste det imot meg fra skjermen:» preparert akkurat nå». Opplyst, nypreparert skiløype 8 minutter unna huset, -1 grader og stjerneklar himmel. At det går an å være så heldig. 

Les heile saka

I dag snur sola – endeleg!

Jon Olav Ørsal Laurdag 21. desember 2024

Laurdag 21. desember kl 10.20 snur sola – endeleg er det nok mange som vil seie.  November og desember er nok ei tung tid for mange, men snart får vi nok oppleve at sola dukker fram igjen. Frå midten av januar og utover er det nok mange som «får att sola» og etter kvart vil daglenda auke med 6 minutt pr dag – da vil det monne litt når vi får ein time meir på 6 dagar.

Les heile saka