Yr.no melder om «mykje vêr» rundt komande nyttårshelg. Vi har allereie i dag fått ein forsmak med mykje vind, regn og sludd . Og meir skal det bli – det vil fortsette med meir regn, som etter kvart går over i sludd og snø frå måndag 30. desember. Det er sågar gult farevarsel for snø.
Les heile saka
Nyttårsaftan – tysdag 31. desember – blir det nyttårsmesse i Todalen kyrkje kl 16:00. Liturg er prost Vidar Wilhelmsen Rygh, og organist Amund Valde. Takkoffer går denne dagen til misjonsprosjektet i Etiopia. Salmane som blir bruka under gudstenesta på nyttårsaftan er : 1, 456.2, 835, 322 og 86
Velkomen til årets siste gudsteneste!
Todalen IL fekk skikkeleg respons på den tradisjonelle Romjulsmarsjen som var arrangert 3. juledag. Rundt 170 deltakarar mønstra på arrangementet og tok turen rundt bygda i dag. Trimgruppa lokka med serveing av gløgg og saft på meldestasjonen på Bruset og jammen vart det trøkk der ja, med rundt 170 og reknar vi med 9 hundar og ein hest som også var med så tangerer vi rekorden som vart sett for nokre år sia.
Les heile saka
Framleis ledige billettar for framsyning av 80-årsdagen til Alf Ramsøy, på Surnadal kulturhus 3. juledag, 27.desember, kl.16.00. Det er Skulstua i Todalen som inviterer til filmframsyning i Kammerset
Les heile saka
Trimgruppa har i travle føremiddagstimer førebudd romjulsmarsjen med servering av gløgg og saft på meldestasjonen på Bruset. Vi tok runden rundt bygda for å sjekke føret, og kan melde at det stort sett er bart og godt føre rundt heile bygda. Nokre få flekkar med litt is, med det kan god brukast vanleg joggesko eller fjellsko på turen rundt bygda. Har du piggsko og stavar så er du iallfall heilt trygg.
Les heile saka
Tysdag 31. desember (nyttårsaftan) klokka 18:00 inviterer Todalen Idrettslag, i samarbeid med Todalen bøgdalag til familiefyrverkeri på Bordholmen stadion.
Les heile saka
Rett før jul kom den 54 årgangen av den populære Søyaposten, som Idrettslaget Søya er utgjevar av. Dette er kjærkommen julelektyre til glede for mange og noko som det blir sett pris på.
Les heile saka
I natt og i føremiddag har det regna godt – etter meldingane tyder det på at det regnar heilt til topps, men det eer langt i frå meldt flaumfare enno. Kl 12 i dag var det knappe 20 m3/sek ved målaren oppå Storfossen. Vassføringa har da dobla seg frå kl 09 i dag tidleg, da det passerte knappe 10 m3/sek.
Les heile saka
Da har vi feira julekveld og har så vidt teke til på romjula, noko som inneber litt endra opningstider hos Matkroken Todalen fram til nyttår. I dag, onsdag 25. desember er butikken heilt stengt, medan det torsdag er kioskope klokka 16:00 – 18:00.
Les heile saka
Todalen Idrettslags trimgruppe er tradisjonell arrangør av Romjulsmarsjen 3. juledag (fredag 27. desember), med start mellom 12:00 og 15:00. Som vanleg er det gløggstasjon ved «chekpoint» Bruset, og der får du og ei lita belønning for deltaking – og sjølvsagt høve til å kjøpe lodd i romjulslotteriet som har trekning umiddelbart etter romjulsmarsjen.
Les heile saka
Da ringer kyrkjeklokkene jula inn og julefreda er i ferd med å senke seg over bygd og by. Vi i redaksjonen i Todalen.no, Jon Olav, Dordi Jurunn, Guro og Bjørn Gunnar ønsker våre lesarar ei riktig god og fredfull jul.
Les heile saka
For mange er det julegudstenesta i Todalen kyrkje som markerer starten på julefeiringa. Dagens julegudsteneste samla eit knapt hundretal som deltok i ei triveleg og fredfull gudsteneste som ein start på ei fred full julehelg. Det var prost Vidar Wilhelmsen Rygh som som heldt gudstenesta og han hadde med seg Bernt Bøe som organist og Borghild Betten Talgø som tekstlesar.
Les heile saka