Svorka ordnar seg på å reparere skaen på høgspentlinja inn til Todalen – to kablar på linja vart kutta i samband med trefall under stormen Amy for eit par veker sia. I mellomtida går straumforsyninga via høgspentkablar frå Drivhammaren og innover til kraftstasjonen i Rossåa. Pål Heggset og John Langli er i gang med linjeryddinga og klargjer området til reparasjonsarbeidet startar.
Les heile saka
Surnadal og Rindal kommunar har etablert «Bondens nettverk» med brei oppslutning lokalt. Representantar frå kommunane, veterinærane, rådgivarapparat, avløysarlag, bankar, regnskapskontor, næringsorganisasjonar og fleire. Målet vårt er å gjere det lettare for bonden å be om hjelp, tilby betre hjelp og førbygge alvorlege kriser for folk og dyr.
Les heile saka
Endeleg vart det lagt ny asfalt på den biten som mangla mellom den gamle Hals-bua og Gammelstua på Todalsøra. Her har det vore sølepyttar i vegbanen året rundt, på grunn av tette avløpsrør og problem med å bli kvitt vatnet.
Les heile saka
Sanitetsforeninga minner om basaren torsdag:
Todalen sanitetsforening arrangerer basar torsdag 23. oktober i Sanitetshuset. Basaren startar kl. 18:00.
Les heile saka
Måndag 13. oktober gjekk kløverturen frå Matkroken, utover til Rossåbrua og oppover skogsvegen til Rossåfossen. Etter dagar med mykje nedbør var fossen stor
Les heile saka
Det er Tinde Sparebank, som gjennom Surnadal Demensforening og helselag har bidrege med ei gåve på 100.000, som har gjort det muleg i investere i ein Tovertafel til sjukeheimen.
Les heile saka
Etter fleire år med berre digital innsamling og med til dels dårlege innsamlingsresultat, besstemte styret i Surnadal frivilligsentral og dagleg leiar for sentralen seg, saman med fleire frivillige organisasjonar for at det skulle vere fysiske innsamling med bøsseberararr under årets TV-aksjon i Surnadal kommune. Inntekta frå årets TV-aksjon går til Atlas alliansen, som er ein paraplyorganisasjon som består av åtte organisasjonar for og av funksjonshemma.
Les heile saka
Det er Rune Hannem som seier det – no er det berre Nordmørspols etter Todalstradisjon som er att, og alle dei andre variantane er borte. Derfor inviterte Rune Hannem og kona Jorun seg til Todalen for å arrangøre Polsdanskurs. Søndag kveld var det rundt 20 deltakarar som svinga seg til takter frå Torgeir Leivdal som trakterte fela i gymnastikksalen i bygningane til Todalen skule.
Les heile saka
Kyrkja i Surnadal inviterer til «felles middag» på kyrkjelydshuset onsdag 22. oktober klokka 16:00. Store og små i alle aldrar er da velkomne til «felles middag» på kyrkjelydshuset på Skei. På onsdag blir blir det servert kjøttpølse med potetball, gulrot, kålrot , poteter og løkfeite.
Les heile saka
Måndag 20. oktober klokka 11:00 inviterer Todale sanitetsforening til ny Kløvertur. Turmålet blir bestemt ved oppmøte. Oppmøte på Matkroken Todalen klokka 11:00.
Les heile saka
Laurdag var det nasjonal handledag i regi av Distriktssentret. Distriktssentret jobbar med lokale sistebutikkar, og hjelper sistebutikkar til å halde stand i bygdesamfunn som elles ville ha problem. Distriktssentret er ein kanal for å fordele støtte til nærbutikkane med tanke på oppgradering av butikkar og støtte til drift. Ein gong i året arrangerer dei lokal handledag for å sette fokus på kor viktig nærbutikkane er for livet på bygda og for at folk skal trivast.
Les heile saka
Torkjel Ansnes Moe tok sigeren i september med Krokvatnet. Klikk inn og finn ut korleis du kan bli bygdas neste naturpaparazzi.
Les heile saka