Torsdag 28. august klokka 11:00 inviterer Stavganggruppa i Pensjonistforbundet Surnadal til stavgangtur til Rindal og Igeltjønna.
Les heile saka
Torsdag 28. august klokka 11:00 inviterer Stavganggruppa i Pensjonistforbundet Surnadal til stavgangtur til Rindal og Igeltjønna.
Les heile saka
Surnadal kommune og Surnadal storviltvald inviterer til viltkveld i kinosalen på Surnadal kulturhus tysdag 26. august klokka 19:00. Her blir det foredrag frå NIVIO, SNO og informasjon frå Surnadal kommune.
Les heile saka
Todalen sanitetsforening inviterer til kløvertur måndag 25. august. Oppmøte ved Matkroken og start derifrå kl. 11:00. Alle er velkomne til å bli med ut på tur!
Les heile saka
Ola Vikan (13 år) frå Nordvik, vart tidlegare i sommar Midt-Norsk meister i motocross klasse MX 85 13 – 15 år. På laurdag NM-debuterte han med ein imponerande sjuandeplass under NM på Lunner Motorsportsenter.
Les heile saka
Kyrkja i Surnadal inviterer til «felles middag» på kyrkjelydshuset onsdag 27. august klokka 16:00. Store og små i alle aldrar er da velkomne til «felles middag» på kyrkjelydshuset på Skei. På onsdag blir blir det servert karbonadar med potet, ertestuing, gulrot og brun saus.
Les heile saka
Todalen sanitetsforening inviterer til ope møte i Sanitetshuset måndag 25. august kl. 17:45. Temaet for møtet er kvinnehelse: Hormonbehandling i overgangsalderen.
Les heile saka
Laurdag inviterte IL Søya til 2025 utgåva av den tradisjonelle Søyacupen på Søyabanen. Vêrgudane spela absolutt ikkje på lag med arrangøren, men dei klarte heldig vis ikkje å øydelegge fotballgleda for verken spelarane eller publikum.
Les heile saka
Todalen historielag inviterer laurdag 4. oktober klokka 18:00 alle til Todalen ungdomshus for å markere at det i år er 150 år sidan Halvor O. Ørsal vart fødd. Halvor vart fødd den 22. desember i 1875. På Wikipedia står det at han vart fødd i 1876, men historielaget har sjekka kyrkjebøkene, og her står det at han var fødd i 1875, så da er nok det rett.
Les heile saka
Tysdag 26.august inviterer Fjellgruppa i Pensjonistforbundet Surnadal til ny fjelltur. Da er Resdalen og Svarthatten målet for fjellgangarane.
Les heile saka
Når skodda letta litt på lokket i dag, så fekk vi sjå at vinteren har banka på døra. Vårt bilde er frå Storfjellet og Grinaren, men det var og nysnø på dei andre toppane, slik som Skjeringfjellet, Snøfjellet og i Kjerringa. I dag skriv vi 22. august, og det er vel inga bombe at vi får signal om at det går mot ein ny vinter.
Les heile saka
Siste estimat for feilretting av Telia-nettet er no flytta til måndag kveld klokka 22:38. Om dette er eit truverdig tidspunkt står att å sjå, men det er lov å håpe. Sjå Telia sitt dekningskart her.
Les heile saka
Det tegnar til å bli ein bra innspurt på fisket i Toåa i august. Den siste veka (veke 34) er det alt gjort 11 fangstar – 7 laks og 4 sjøaurar. Dei 11 fiskane har ei gjenomsnittvekt på 2,6 kg, der den største laksen er på 7,0 kg og vart teken ved Steinutgarden i Brusetmarka sist tysdag.
Les heile saka