I går lærte vi at bakelstyngda er det beste middelet for å kome seg ned til bygda igjen. Eit klassisk «vest du ikkje det?» spør du meg. Men det gjer du truleg ikkje, for du er kanskje klar for del fire av påskekrimmen? Her er den!
Les heile saka
I går lærte vi at bakelstyngda er det beste middelet for å kome seg ned til bygda igjen. Eit klassisk «vest du ikkje det?» spør du meg. Men det gjer du truleg ikkje, for du er kanskje klar for del fire av påskekrimmen? Her er den!
Les heile sakaI dag inviterte driftsstyret for Todalen Idrettslag si skihytte til den tradisjonelle «Kjerringdilten» på skihytta. og det kom bra med folk opp til skihytta. 45 av dei frammøtte starta årets utgåve av «Kjerringdilten». Da resultatlista var klar, viste den at Turid Sæther Todalshaug sikra seg eitt napp i vandrepokalen og ein eigen pokal til odel og eige. Det var ikkje så mykje sol å skryte av, men det var fin temperatur og opphaldsvêr, så det var fine forhold for ein skitur.
Les heile sakaKanellsnurr-søget har knapt lagt seg etter gårsdagens vellukka dilt, og i dag er det duka for ein til. Nemleg sjølve ur-dilten der det ikkje er omågjort å kome først, men å treffe idealtida. Det er på tide å la pokalen vandre!
Les heile sakaSom alltid vart seterrennet på Nordviksetra avvikla på skjærtorsdag. I år var det både ver og føre som passa for alle. Akkurat nok sol ,og eit føre som passa like god for ski som for dei som kom til fots.
Les heile sakaArrangøren trur det var godt og vel 200 deltakarar på Gunnøydilten i år. Det var Todalen IL Trimgruppa som stod som arrangør, og det var stor suksess både publikummessig og sosialt. Påska samlar forlk frå fjern og nær, og det gjorde jammen Gunnøydilten og. Det var mykje tilreisane med både utflytta todalingar og folk frå både Kvanne, Surnadal og andre plassar.
Les heile sakaI går kveld hadde Todalen bøgdalag invitert til «påskequiz» i Todalen ungdomshus. Sondre Halset var quizmaster, og hadde laga ein god quiz med varierte spørsmål og vanskelegheitsgrad. Litt over femti møtte fram for å vere med på «påskequizen» og kjempe om dei to gåvekortpremiane på 500 og 200 på Matkroken Todalen.
Les heile sakaNok eit år er det sørsida som står for underhaldninga. Og vi kan vel berre slå fast at kvardagen hadde vore meir grå utan bidrag frå den sida av bygda. Nok om det. La oss ta opp tråden frå i går utan å tenkje for mykje på om gadd eigentleg er eit ord eller ein nedarva talefeil.
Les heile sakaLangfredag blir du invitert på «after ski» på Todalshytta. – Da bys det på burger & pizza med godt tilbehør, fortel Arve Evensen. Du like velkomen om du kjem frå Tydalsnebba, Bjøråskaret eller Toåa tursti – eller om du rett og slett kjem heimåfrå. Langfredag blir det servering frå klokka 16:00 og utover.
Les heile sakaDet vart Ester Karin Larsen som vart den heldige vinnaren av Matkroken Todalens påskekonkurranse i år. Alle som har vore innom butikken har fått gratislodd (Handlelapp med namn), og gevinsten var eit gåvekort på kr 500,- som no er trekt. Ester Karin Larsen var vinnar av gåvekortet. I tillegg vart det trekt 3 trøstegevinstar – 3 påskeegg med påskegodt. Bla om så kan du sjå kven som vart vinnarar av trøstegevinstane.
Les heile sakaDet har nesten lukta svartsvidd bålpølse av tastaturet til krimforfatteren dei siste dagane, men no er det altså klart for første episode av den kortreiste og lokale påskekrimmen som er skrive eksklusivt for todalen.no. Så fram då frendar, her er det berre å ta fatt!
Les heile sakaBasar tysdag i den stille veka er fast tradisjon på Nordvik. Ein fin tradisjon som gjer at fastbuande nordvikgardingar, utflytta nordvikgardingar og hyttefolk kan møtast til hyggeleg prat, mimre eller få nye bekjentskap.
Les heile sakaGunnøydilten har vore stor suksess kvar gong – skjærtorsdag 28. mars er det igjen klart for eit nytt og fint arrangement – Gunnøydilten går etter Toåa tursti, og har sin base rundt gapahuken i Båthølen. Der er det TILs trimgruppe har tilhald, og som vanleg har dei litt av kvart å by på. Trimgruppas kanelsnurrar er viden kjent – langt utover Nordmøre.
Les heile saka