Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Stor givarglede under årets «fasteaksjon»

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 9. april 2025

Takk for støtta til årets «fasteaksjon»! Takk også til alle konfirmantane, foreldra og frivillige som gjorde ein stor innsats for årets «fasteaksjon» tysdag 8. april, seier Gro Hauge Venås, på vegne av Kirkens Nødhjelp og årets «fasteaksjon»

Les heile saka

Inviterer til «Påskequiz» i ungdomshuset

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 9. april 2025

Todalen bøgdalag inviterer til «Påskequiz» i Todalen ungdomshus onsdag 16. april (onsdag før skjertorsdag) frå klokka 19:00. «Påskequzen» tek til klokka 20:00. Fine premiar til dei to beste laga. Det blir sal av brus, øl og snacks.

Les heile saka

Har du treft på Anna på Matkroken?

Jon Olav Ørsal Onsdag 9. april 2025

I ein månads tid har Anna Kashtyper jobba på Matkroken Todalen som eit ledd i prosessen med å trene i å snakke norsk.  Anna har nemleg gått på norskopplæring i vinter, og no gjeld det å få trening i å bruke språket.  Anna tykkjer at språket er litt vanskeleg, for ho må forhalde seg til bokmål i norskopplæringa på skulen, medan kundane oftast brukar dialekt.  

Les heile saka

Minner om medlemskontingenten for 2025

Bjørn Gunnar Ansnes Tysdag 8. april 2025

Faktura for medlemskontingenten for 2025 i Todalen Idrettslag vart sendt ut i februar med forfall i starten av mars. Det er fortsatt mange fakturaer som ikkje er betalt, og idrettslaget har akkurat no sendt ut purringar på kontingenten for 2025. Medlemskontingenten er ei viktig inntektskjelde for Todalen Idrettslag, både direkte og indirekte, fordi medlemstalet er grunnlaget for utrekningar ved tildelingar av ulike offentlege tilskot,  

Les heile saka


Det blir igjen «bøt og betring» i Skulstuå

Jon Olav Ørsal Måndag 7. april 2025

Det blir igjen «bøt og betring» i Skulstuå, tysdag 8.april kl.18.   

Triveleg treffstad for å slå av ein prat samstundes som ein får bøta klede, som får lengre levetid. Igjen ein kveld der berekraft har fokus – Spelekroken er og klar med kort, yatzy og kinasjakk.
Sal av kaffi/te og kveldsmat.  Alle er  hjarteleg velkomne!
 
 
 

Ta god imot bøssebæararane på tysdag

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 7. april 2025

Tysdag 8. april frå klokka 17:00 vil årets konfirmantar og representantar frå Todalen Sokneråd besøke alle husstandane i Todalen, for å samle inn pengar til årets utgåve av Kirkens Nødhjelp sin «fasteaksjon». 

Les heile saka

Påskeutsal hos Lia gard

Bjørn Gunnar Ansnes Sundag 6. april 2025

Fredag 11. april frå klokka 12:00 – 17:00 inviterer Lia gard til påskeutsal i sitt heilt nye bakeriutsal. Da blir det høve til å sikre seg både grovbakst og noko godt til kaffekosen i påska. 

Les heile saka

Kåring av månadens bilete i mars

Guro Redalen Sundag 6. april 2025

Før vi legg mars heilt bak oss og velger oss april, må vi kåre det beste innsendte bidraget til dagens bilete. Klikk deg inn og avgi din stemme før midnatt søndag 13. april.

Les heile saka


Full trøkk med lokalmat og vårstemning

Jon Olav Ørsal Laurdag 5. april 2025

Laurdag var det til tider vanskeleg å finne ledig plass på parkeringsplassen framfor butikken til Hageland og Byggmakker på Syltøran.  Handledagen med samarbeid med lokalprodusentane var ein formiddabel suksess som trekte folk frå både fjern og nær.  Hageland ligg no i startgropa for ein ny sesong, og både blomster, busker, trær og planter er på veg inn, og utvalet blir større dag for dag fram mot våren.

Les heile saka

Feira dagen med kake og korpsmusikk i ALTI-sentret

Jon Olav Ørsal Laurdag 5. april 2025

Bankens 190-årsjubilee vart behørig feira i ALTI-sentret i dag.  Surnadal Hornmusikk troppa opp med heile sitt korps, og sørga for at arrangementet vart skikkeleg lydsett – mellom anna med «Congrtulation» og fleire til.  

Les heile saka