Laurdag 23. november blir det sal av lodd for TIL-trimgruppas adventkalender på Matkroken Todalen – frå kl 10 og utover dagen. Det er enno tid for å kjøpe lodd, og det kan du aller enklaste gjera direkte via Vipps nr 523022 – og du kan gjerne kjøpe i fleire omgangar for å få fleire vinnarsjansar.
Les heile saka
Onsdag 27. november klokka 18:00 inviterer Stangvik historielag ved Erling Myrbostad og Torbjørn Polden til historisk temakveld på Åsen bygdemuseum. Temaet denne gongen er glimt frå Åsen og området ikring.
Les heile saka
I følge den gamle kalenderen, primstaven, er første vinterdagen 14. oktober, og symbolet for denne dagen er ein vott. Første vinterdagen denne hausten vart 18. november som kom med snø, sludd og vind. Det var retteleg vått og surt ver for kløverturjentene som var ute på tur, og dei måtte kle på seg både med vottar, lue og buff.
Les heile saka
Ingen tvil om anna enn att det er det første snøen som er glattast. Det var regelrett uføre frå Todalskrysset og innover til Nordvik, med såpeglatt sørpeføre og blaut nysnø. Ikkje meindre enn to bilar hamna utfor veten på denne strekninga i løpet av ein times tid no i ettermiddag. Eit stort oppbud med redningsmannskap, brannvesen og politi var på staden for å hjelpe til med redning.
Les heile saka
Det er mørke filmar som dominerer på Surnadal kino akkurat no, men snart er det heldig vis jul og lysare tider! I filmklubben onsdag 20. november klokka 12:30 er Morgan Freeman og Brad Pitt på jakt etter ein seriemordar i I filmen Seven (eller Se7en), som den også blir nemnt som. Dei finn ikkje noko motiv med ein gong, men forstår ganske kjapt at drapsmannen blir motivert av gamle skrifter.
Les heile saka
Kyrkja i Surnadal inviterer til «felles middag» på kyrkjelydshuset onsdag 20. november klokka 16:00. Store og små i alle aldrar er da velkomne til kyrkjelydshuset på Skei, der det blir servert middag med påfølgande ettermiddagskaffe/te.
Les heile saka
I løpet av helga har fleire observert ein kvit båt med påhengsmotor drivande utover fjorden. Båten er no fortøyd ved Vorpneset utanfor Ansneset. Om nokon saknar båten, eller veit kven som eig han, så er han akkurat no fortøyd ved Vorpneset, og kan hentast der.
Les heile saka
Todalen sanitetsforening inviterer til kløvertur måndag 18. november. Oppmøte ved Matkroken og start derifrå kl. 11:00.
Les heile saka
Fredag var Karen Oddny Gravvold og Blomstermakeriet Orkideen på plass i ny butikk på Skei. Vi har fått plass midt i smørauge på Skei, der den gamle meieributikken låg ved sida av Kløverstua. Karen Oddny dreiv mange år med blomsterbutikk i miljøgata, før ho flytta heim til Rognpilvegen i 2018, og har drive blomstersal i ei brakke i hagen fram til no.
Les heile saka
Laurdag var det orange farevarsel for stormflo på Nordmøre. Det var fleire samanfallande grunnar til storfloa, mellom anna var fullmåne/supermåne, og det var meldt sterk storm og kanskje opp mot orkan på kysten.
Les heile saka
Vi har tidlegare skrive om at det går føre seg skogsdrift i Bjørålia og utover mot Korslia. Dette berører turstien som er merka frå Storhaaugen og ned mot Liatur/Brusetnesset. Medan arbeidet har pågått har det vore mykje nedbør, og det har gjort at det er på det næraste uframkommeleg etter stien, fortel Jon Bruset. Han har sendt oss eit par bilder som viser at det er både mykje kvist og blauthol der den merka stien går.
Les heile saka
Svorka opplever stor vekst, noko som gjer at dei treng fleire tilsette. I ei pressemelding no på føremiddagen, så lyser Svorka ut fleire stillingar, samstundes som dei informerer om at det vil bli utlyst enda fleire ganske snart.
Les heile saka