Sjølv om det er ei lita stund til Vårsøghelga 2025, så tek noko av programmet til å bli spikra. Vårsøghelga fyller 30 år i 2025. Under jubileumshelga vil dei mellom anna invitere tilbake artistar som har gjort minneverdige konsertar opp igjennom åra. Det har kome inn ønske frå mange om ein ny konsert med Famntak på Surnadal Billag. Gjengen i Famntak har takka ja, så dei står på scenen på Surnadal Billag fredag 23. mai klokka 20:00.
Les heile saka
Olav Halle er meisterfotografen bak bilete som no kan smykke seg med tittelen månadens bilete i november. Vi gratulerer!
Les heile saka
Nok ein dag med 3 gevinstar på trekingsbordet – første gevinst ut er ei lue i Mariusmønster. Den går til Lisbet Ørsal Palin i Buvika som her vart trekt ut.
Les heile saka
Alle kommunar er pålagde å ha eldreråd. Eldrerådet blir valgt av kommunestyret. Medlemmer i Surnadal eldreråd er Magnus Kristian Bævre (leiar), Lilly Gunn Nyheim, Odd Asbjørn Bævre, Anne Grete Gravvold og Kirsten Drøpping.
Les heile saka
Da er vi komne til 10. desember og vi har trekninga klar med fordeling av dagens gevinstar. I dag er det 3 gevinstar, og første gevinst er eit par strikkavottar i ull, som er trekt ut på Maren Ansnes som heldig vinnar.
Les heile saka
I helga var det sesongstart for randoneegjengen i Trollheimen fjellsportklubb. Aron Rodal Haugen og Isak Drøpping, som begge er på landslaget, viste gode takter og det lover godt for ein ny sesong som starter for fullt over nyttår.
Les heile saka
I ei årrekke har TrondheimSolistene gjort nyttårskonserter i regionen vår og Surnadal kulturhus. Fredag 10. januar klokka 19:00 kjem TrondheimSolistene, saman med Ragnhild Hemsing som solist til Storsuå på Surnadal kulturhus for å gje oss årets nyttårskonsert.
Les heile saka
Første gevinst ut i dag er adventssterje i tre med innlagt lys. Her var det Anders Karlsen i Pestua som vart den heldige vinnaren.
Les heile saka
Søndag kveld var det lysmesse i Todalen kyrkje – det skjedde midt i mørkret i ei verd full av ufred og krig, der neste års konfirmantar tente fredslyset i håp om fred. Eit trettital – rundt halvparten av alle konfirmantane frå heile Surnadal deltok i lysmessa og tente lys og sørga for tekstlesing og framførte dagens preike på ein framifrå måte.
Les heile saka
Fredag 13. desember frå klokka 12:00 – 17:00 inviterer Lia gard til ope bakeriutsal. Det nærmar seg jul, og det blir mellom anna for fullt koka smultringar hos Lia gard. Så vil ein sikre seg smultringar eller noko anne godt til jul, kan det vere lurt å førehandsbestille til fredag!
Les heile saka
Fredag 27. desember klokka 16:00 inviterer Skulstuå i Todalen alle til Surnadal kino på Surnadal kulturhus der filmen Svein Åge Saksen laga i samband Alf Ramsøy sin 80-årsdag på Surnadal kulturhus i 2004.
Les heile saka
Denne søndagsmorgonaen er det 3 gevinstar i adventlotteriet til Todalen Idrettslag. På denne dag er det altså trekt ut 3 gevinstar som har fått sine vinnarar. Den første gevinsten er eit sitteunderlag i ull (om det er strikka eller hekla er vi usikker på) og heldige vinnarar er Gunhild og Håkon Brøndbo som bur på Brubakkan.
Les heile saka