Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Seniorfilmklubben med tidleg julegåve!

Bjørn Gunnar Ansnes Sundag 15. desember 2024

Onsdag 18. desember klokka 13:00 viser seniorfilmklubben filmen The grand Budapest Hotel. Regissør Wes Anderson er ein underleg skrue som har skapt sitt eige filmunivers, med gjennomført fargebruk,iscenesetting og snodige folk i enno meir snodige situasjonar. er kanskje den meste vellukka av filmane han har gjort og filmen vann fire oscars. Onsdag opnar altså dette snurrige hotellet sine dører og det er gratis inngang for alle som har vore på filmklubb i løpet av haust.

Les heile saka

Ein bra World Cup-dag i Courchevel

Jon Olav Ørsal Sundag 15. desember 2024

I dag har det vore konkurrert i vertikal i dei franske alpane.  Det har vore 7 deltakarar frå Randoneelandslaget – ein deltakar i dameklassen og 6 i herreklassen for seniorar.  Erik Kårvatn var også i dag einaste deltakar frå Trollheimen fjellsportklubb og han hamna på 43. plass, medan Trym Dalset Lødøen vart beste norske på 29. plass og Hans-Inge Klette nest beste norske på 33. plass av 95 deltakarar i herreklassen.

Les heile saka

T.I.L’s julekalender – Trekning for 15. desember

Jon Olav Ørsal Sundag 15. desember 2024

Ny dag med nye gevinstar – i dag er det trekt ut 3 gevinstar, der dagens første er ei julestjerne i royalbehandlet furu, med innlagt ledlys.  Flott sak for å heng på veggen – heldige vinnarar er Jostein Bruset og Monika Klungerbo som bur på Hjellen.  

Les heile saka

På World Cup i Courchevel i dei franske alpane

Jon Olav Ørsal Laurdag 14. desember 2024

I dag var det sesongstart for randoneeladslaget seniorar i Courchevel i Frankrike. Den norske landslagstroppa som deltok bestod av 6 seniorar  – med Ida Waldal som einaste i dameklassen, medan det var 5 herrer som stillte til start. Lokalt var Erik Kårvatn den einaste som stillte på startstreken frå Trollheimen fjellsportklubb. 

Les heile saka





Julehelsing til eldre frå Saniteten

Jon Olav Ørsal Torsdag 12. desember 2024

Todalen saniteetsforening har ein mangeårig tradisjon med utdeling av julegleder til alle sambygdingar over 80 år.  Ei blomsterhelsing er alltid artig å få, og i dag var det storstila pakking og førebuinga av utdeling på Matkroken Todalen – utdelinga skjer på dagane før jul. 

Les heile saka


Lort Phillips byr på julebuffet lørdag kveld

Jon Olav Ørsal Onsdag 11. desember 2024

Lort Phillip takker alle som var innom på vår første Julebuffet på Todalshytta, og nå åpner Lorten dørene igjen førstkommende lørdag den 14. desember for vår andre julebuffet.  Her vil du finne alt fra Hampshire ribbe, til Lutefisk og pinnekjøtt med mye annet godt.

Les heile saka

Einar Talgø blir ny konsernsjef i Talgø Invest

Jon Olav Ørsal Onsdag 11. desember 2024

Einar Talgø er utnevnt til ny konsernsjef i Talgø Invest, og trer inn i rollen fra 1. januar 2025. Einar Talgø har vært en del av selskapet siden 1987 og har gjennom sin karriere hatt sentrale roller og vært en solid bidragsyter til konsernets sterke utvikling, står det i ei pressemelding fra Talgø Invest

Les heile saka