Laurdag 18. januar skal heile landet «båle» eller brenne bål som det heiter her i distriktet. Bålbrenninga markerer starten på «Friluftslivets år» 2025.
Les heile saka
Laurdag 18. januar skal heile landet «båle» eller brenne bål som det heiter her i distriktet. Bålbrenninga markerer starten på «Friluftslivets år» 2025.
Les heile sakaI ei pressemelding frå Svorka no i morgontimane, blir vi informert om at Svorka er i godt selskap når dei får hederleg omtale i ei ny bransjeutgjeving for si satsing og utbygging av fibernett. Dette kjem fram i rapporten «Teleeventyrets mange helter – en spesialrapport 1967 – 2030». Rapporten er ført i pennen av Arne Joramo, mangeårig telejournalist og redaktør.
Les heile sakaMildvêret og regnet denne veka har mesta gjort kol på snøen og isen – utover stranda var Veidekke og Ranes Maskin føre var, og laga plass til isen i veggrøfta. No har det meste av isen kome ned, og det meste har smelta bort etter fleire dagar der vi til og med har sett 10-talet på gradstokken.
Les heile sakaGevinsten i årets kunstlotteri i Sanitetsforeninga er eit tresnitt med tittelen «Bjørka på Leviklandet» av Odd Skrøvset. Den heldige vinnaren blir trekt ut på årsmøtet den 18.02.
Les heile sakaSurnadal kommune informerer om 15. februar er fristen for å søke om ny barnehagplass, gjere endringar i plassen ein allereie har eller ønsker flytting til ein annan barnehage. Har ein allereie barnehageplass treng ein ikkje søke.
Les heile sakaStyret i Stangvik Grendalag kallar inn til årsmøte på Bryå i Bondehuset torsdag 27. februar klokka 19:00. Saker ein ønsker å få behandla på årsmøtet må sendast skriftleg på e-post til ivar.melkild@tsnord.no innan torsdag 20. februar.
Les heile sakaStyret i Surnadal Senterparti kallar inn til årsmøte torsdag 23. januar klokka 19:30 i lokala til Surnadal frivilligsentral i Fiskegården på Skei.
Les heile sakaDet var ikkje «Tjuandedags-Knut» sjølv da, men Todalen bøgdalag med gode hjelparar, som demonterte den tradisjonelle julegata si måndag kveld. Bøgdalaget si julegate, mellom Matkroken Todalen og Talgø, blir tent første søndag i advent og teken ned att rundt tjuandedag jul kvart år. Og årets demontering gjekk unna i rekordfart og var ferdig på rundt tre kvarter.
Les heile sakaFrå Todalen sokneråd har vi fått ein oversikt over gudstenester som er planlagt fram til sommaren – tilsaman er det 6 gudstenester i perioden fram til 15. juni. Det er vanleg gudsteneste på søndagane 2. februar, 30. mars og 15. juni. I tillegg er det friluftsgudsteneste 2. påskedag (21. april), konfirmasjonsgudsteneste laurdag 10. mai og gudsteneste 17. mai i tilknyting til feiring av nasjonaldagen
Les heile sakaNo blir det også film på laurdagane på Surnadal kino. Dette skjer ved at Filmklubben nokre veker framover utvidar og viser filmar på laurdag klokka 12:00. Filmklubben gir eit tilbod som skal supplere kinotilbodet med å vise gamle filmar, eller nyare filmar som kinoen ikkje har vist. Dei som arbeider på dagtid har ikkje fått tilgang til dette tilbodet, så no prøver Seniorfilmklubben seg litt fram med tre laurdagsfilmar i tillegg til dei faste visingane på onsdagane.
Les heile sakaRanes Maskin ryddar plass til isen utover stranda frå Drivhammaren og utover i retning Hjellneskrysset. I den kalde perioden som har vore den siste tida har det samla seg opp utruleg mykje is, og i dag er Geir Magne Bredesen frå Ranes Maskin i gang med å rydde vekk isen.
Les heile sakaDet er Elinor Bolme – leiar i Todalen Idrettslag – som oppfordrar til å bli med ut i frisk luft. – Vi trefte Elinor saman med elghunden Sako i Toåa tursti søndag ettermiddag. Elinor reklamerer med kjempefine forhold for trim både i Toåa tursti og i lysløypa på Tjønnmyran.
Les heile saka