Det blir «bøt og betring» i Skulstuå, tysdag 25.februar kl.18.00. «Vær glad i heimen din bøt og saum, og livet det vert som ein fager draum». Denne teksten står på den gamle stoppsoppen, – ein trufast hjelpar ved stopping av mang ein utslitt lest. Miljøet blir spara når vi tek vare på og bøter kleda våre. Det forlengar levetida på dei og er berekraft i praksis! Vi invitere difor til «bøt og bedring», for å bøta og stoppa på lestar og vottar, eller andre plagg du har som treng litt omsorg.
Les heile saka
Laurdag 22. februar klokka 13:00 opnar Surnadal kunstforening utstillinga «Vintersyn» i Finstuå på Surnadal kulturhus. I år er det kunstnaren Ane Vik Eines frå Aure som stiller ut, og ho vil vere til stades under opninga på laurdag.
Les heile saka
Eiksentret i Surnadal er klare til å sparke i gang, og inviterer alle som har lyst til å kome på skog- og veddag i butikken onsdag 26. februar. Da er det mange gode tilbud på utstyr og produkt til deg som skal til skogs – enten på tømmehogging eller du skal sikre deg ved til neste fyringssesong. Da er det både motorsager og mykje anna utstyr på tilbud til skikkelege kampanjeprisar.
Les heile saka
Måndag 24. februar er det tre år sidan Russland gjekk til fullskala krig mot Ukraina. I samband med treårsdagen blir det invitert til solidaritetsmarkering til støtte for Ukraina i lokala til Surnadal frivilligsentral i Fiskegården på Skei klokka 17:00 – 18:00.
Les heile saka
Snøen lava ned måndag morgon. Så ein kunne undrast på om det vart kløvertur.
Les heile saka
Surnadal demensforening og helselag inviterer medlemmene til årsmøte tysdag 12. mars kl. 17:00. Årsmøtet er på Frivilligsentralen.
Les heile saka
Todalen sanitetsforening kallar inn til årsmøte i Todalen sanitetshus tysdag 18.02.2025 kl. 18:30.
Les heile saka
Surnadal demensforening og helselag informerer om at det blir ending i samabeidet med Treffast. Nå som Treffast har starta opp med bingo og bridge annen hver gang på torsdager på Frivilligsentralen, starter vi opp på tirsdager med Strikk, sy og spis MED OSS fra kl 11 – 13.
Les heile saka
Tysdag 18. februar frå klokka 00:00 til klokka 06:00, altså natt til tysdag, er det manuell dirigering med kolonnekøyring gjennom Svinviktunnelen på Fylkesveg 6145, melder Statens vegvesen til redaksjonen i Todalen.no.
Les heile saka
Trym Dalset Lødøen gjentok gårdagens suverene seier og vann NM-konkurransen med ein margin på 43 sekund til nummer to som vart Erik Kårvatn. PÅ tredjeplass kom Pascal Emanuel Egli med eit tillegg på 56 sekund. I juniorklassen vart det Aron Rodal Haugen som vart sterkast, på tida 19:50,0 med Isak Drøpping på andreplass med 28 sekund etter og på tredje vart det Ivar Holen 1:15,0 etter. Arrangøren Trollheimen fjellsportklubb måtte improvisere både starten og målgangen – løypa starter 200 meter oppi Strengentraseen på grunn av snømangel og målgangen var rett nedafor toppen – løypa vart ca 450 høgdemeter.
Les heile saka
Markus er ikkje redd fordi om yr.no kjem med farevarsel for mykje snø det komande døgnet. Med spilder nytt førarkort for traktor er endeleg tida komen for å køyre på eiga hand. Markus er ansvarleg for å halda Toåa tursti open for bruk, og i dag var det heilt strøken nedover frå Trøbakkå og nedover turstien til Halsabrua.
Les heile saka
Todalen sanitetsforening inviterer til kløvertur måndag 17. februar. Oppmøte ved Matkroken og start derifrå kl. 11:00. Alle er velkomne til å bli med ut på tur!
Les heile saka