Ikkje skotårsdag i årets februar, men likevel mange blinkskot i spalta Dagens bilete her på todalen.no. Ein kvalifisert og uhilda jury har pussa lupa og plukka seg ut kandidatane frå februar, og her kan du stemme på din favoritt.
Les heile saka
Ikkje skotårsdag i årets februar, men likevel mange blinkskot i spalta Dagens bilete her på todalen.no. Ein kvalifisert og uhilda jury har pussa lupa og plukka seg ut kandidatane frå februar, og her kan du stemme på din favoritt.
Les heile sakaI dag vart det ein bra start på dagen i Morgins i Sveits. Trekløveret som starta i U18 menn klarte å sette seg skikkeleg i respekt under VM i randonee som altså går i dei sveitsiske alpane – nærare bestemt i Morgins. Aron Rodal Haugen sikra tredjeplassen, medan Ivar Holen kom på 4.-plass og Isak Drøpping på 9.-plass i dagens konkurranse i vertikal. Alle 3 høyrer til det norske juniorlandslaget og det var 33 startande i klassen.
Les heile sakaTodalen.no kallar inn til årsmøte på Gammelfabrikken i Brusetmarka tysdag 15. april klokka 18:00. Vanlege årsmøtesaker, statistikkar, utdeling av «årets bilde» og enkel servering.
Les heile sakaLaurdag 15. mars klokka 13:00 er det klart for årets podeverkstad i Svinviks arboret. Da vil museumsgartner Stefan Patrick Nilsen og Sven Olav Svinvik lære bort grunnleggande teknikkar for poding, og ei får pode sitt eige tre.
Les heile sakaTordenskjold Songlag og Prosjekt 17 legg onsdag øvingskvelden sin til Stangvik kyrkje og inviterer alle til programmet «Salmesus». Breidda av kyrkjeleg songkultur fyller programmet – nytt og gammalt, frå mange land og tradisjonar, frå tangorytmer til lokale folketonar.
Les heile sakaSjølv om det foregår eit verdsmeisterskap på ski i Trondheim, så foregår det også anna sport i Trønderhovudstaden, som til dømes i Leangen ishall, der Ozo Melhus laurdag hadde invitert Surnadal Blades til kveldskamp i ishockey i ishallen. Knut Bergli har sendt oss ein liten rapport frå kampen i Leangen ishall laurdag kveld.
Les heile sakaTodalen sanitetsforening inviterer til kløvertur måndag 3. mars. Oppmøte ved Matkroken og start derifrå kl. 11:00. Vel møtt!
Les heile sakaDa har vi lagt inn ReMidt sin tømmekalender for glass- og metallavfall, restavfall, papir og papp, plast- og matavfall, for mars og april 2025 inn i aktivitetskalenderen vår her på Todalen.no. Merik at Remidt hentar plast-, glass- og metallemballasje laurdag 8. april, altså laurdagen før palmesøndag. Tømmekalender for mai og juni 2025 blir lagt ut i måadsskiftet april/mai.
Les heile sakaRute 1061 Kvanne – Rykkjem: Grunna driftsproblem vert følgjande avgangar innstilt frå Kvanne 08:30. Det vert normal drift i sambandet frå kl 8:45, melder Fjord1.
Nest etter NRKs årlege TV-aksjon står Kirkens Nødhjelp bak landets største veldedige pengeinnsamling. Under årets dør-til-dør-aksjon tysdag 8. april får heimane besøk av konfirmantar og andre med dei velkjende bøssene. Kontaktar for sokna i Surnadal var torsdag samla til informasjon og henting av materiell. Konfirmantar og vaksne blir inviterte til «pep-talk» fredag 4. april.
Les heile sakaI mange år har Hals Oil fått laga capsar for sal. I år er ikkje noko unntak, og «årets farge» er vinraud. Capsane er å få kjøpt for kroner 150,- på Matkroken Todalen, kan Mari Brusethaug Redalen fortelje.
Les heile sakaTysdag 25. mars arrangerer Sparebank1 Nordmøre ny næringslivsdag i Surnadal. Det er ein godt innarbeidd tradisjon no – første gongen var i 2001, og sia er det arrangert kvart år, med unntak av eit par covid-år, fortel banksjef Troelsen.
Dei siste åra har vi samla rundt 200 deltakarar på konferansane, og så lenge det er så bra deltaking så er det vel verdt alt arbeidet med å være arrangør, fortsett Troelsen. – Vi har lagt stor vekt på å hyre inn dyktige og aktuelle foredragshaldarar og har lagt stor vekt på at denne dagen skal være eit godt og sosialt treffpunkt med tanke på bygging av nettverk.