Laurdag 15. mars var ein ideell dag for arrangement innomhus; ute regna det «gamle kjerringar» og med kraftig vind i kasta. Men i Sanitetshuset var det lunt og triveleg.
Les heile saka
Laurdag 15. mars var ein ideell dag for arrangement innomhus; ute regna det «gamle kjerringar» og med kraftig vind i kasta. Men i Sanitetshuset var det lunt og triveleg.
Les heile sakaDet var stor interesse for å lære om poding av frukttre, da Svinviks Arboret arrangerte podekurs laurdag ettermiddag. Det kom faktisk eit trettitals deltakarar både frå fjern og nær for å ta del i kurset som faktisk har vorte ein årleg happening i arboretet. Instruktørane på kurset var Sven Olav Svinvik, Ola Bruset, og den nye museumsgartnaren Patrik Nilsen.
Les heile sakaDet blir igjen «bøt og betring» i Skulstuå, tysdag 18.mars kl.18. Triveleg treffstad for å slå av ein prat samstundes som ein får bøta klede, som får lengre levetid. Igjen ein kveld der berekraft har fokus:) Spelekroken er og klar med kort, yatzy og kinasjakk. Sal av kaffe og gode kaker.
Venner av Skulstuå ynskjer alle hjarteleg velkomne!
I ei pressemelding frå Alti no på tidleg ettermiddag, får vi vite at Alti har fått «Bærekraftprisen» for andre år på rad. Prisen vart utdelt på Retail Arena i går kveld. Retail Arena er Norges største konferanse for handel. Under konferansen fekk altså Alti Forvaltning/Aurora Eiendom tildelt «Bærekraftprisen».
Les heile sakaSalmekonsertar fyller mange av landets kyrkjer for tida. Som lokal pådrivar inviterer koret P17 onsdag til songkveld i Todalen kyrkje. – Her svingar det stilmessig frå bedehus og søndagsskule til Mozart og Beethoven, seier styret i koret.
Les heile sakaTysdag kveld hadde KNT – Kristiansund- og Nordmøre Turistforening sitt årsmøte i Kristiansund. Foruten vanlege årsmøtesaker var det tid for skifte av leiar som stod på agendaen – etter 28 år med leiarklubba så nytta Eirik Gudmundsen høvet til å takke av frå dette vervet.
Les heile sakaI siste halvdel av mai blir den 13. utgåva av Surnadalsmagasinet distribuert til alle husstandane i Surnadal, Rindal, Sunndal, Tingvoll, Heim, Aure, Smøla, Orkland, Rennebu, Oppdal og Kristiansund kommunar. I år er første gongen magasinet også blir distribuert i Kristiansund.
Les heile sakaTodalen sanitetsforening inviterer til strikkekaffe i Sanitetshuset laurdag 15. mars tida frå kl. 13:00 til 16:00.
Les heile sakaSurnadal bibliotek inviterer onsdag 19. mars klokka 19:30 til spennande forfattarmøte med TV-profilen Arill Riise i Surnadal frivilligsentral sine lokaler i Fiskegården på Skei. Det er gratis inngang, og det blir høve til å kjøpa signerte utgåver av Arill Riise si bok «Der ingen var einsam».
Les heile sakaNo er det tid for ny runde med fotpleie i Todalen sanitetshus. Fotterapeut Pan Promchart tilbyr fotpleie tysdag 18. mars.
Les heile sakaSøndag 16. mars kjem gospelkoret Gospelexplosion frå Trondheim med sine seksti medlemmer og dirigent Leif Ingvald Skaug på besøk til Ranes og Stangvik kyrkjer. Her blir det feiande flotte rytmar, skikkelig «sørstatsgospel» og gode moglegheiter for «sing-along» (allsang).
Les heile sakaHeimbygdlaget arrangerte årsmøte måndag 10. mars på Hammerstuene.
Les heile saka