Stavganggruppa i Surnadal Pensjonistlag hadde i går stavgangtur til Bøkskogen i Stangvik. Søtten stavgangarar møtte opp, og fekk ein skikkeleg fin tur i det fine og varme vêret.
Les heile saka
Stavganggruppa i Surnadal Pensjonistlag hadde i går stavgangtur til Bøkskogen i Stangvik. Søtten stavgangarar møtte opp, og fekk ein skikkeleg fin tur i det fine og varme vêret.
Les heile sakaI kveld var Søya vertskap da Grøa kom på besøk til Søyabanen for å spele 6. divisjonskamp. Grøa har ikkje stilt eige seniorlag i fotballag på fleire tiår, men i dag kunne det «gjenoppståtte» lageg altså ta turen til Søyabanen for å spele seriekamp mot vertane. Vêret var stålande, ja, kanskje i overkant strålande for dei som skulle kjempe om ballen og poenga ute på den grøne og fine grasmatta på Søyabanen?
Les heile sakaDagens orgelstafett i Todalen kyrkje var eit samarbeid mellom Vårsøghelga, NTNU og kyrkjesokna. I løpet av dagen er det arrangert orgelkonsertar i Mo kyrkje, Øye Kyrkje og Åsskard kyrkje i tillegg til her i Todalen kyrkje. Det er tilsaman 4 orgelsolistar som «turnerer» Surnadal kommune, og her ar det Patrick J. Pöppel og Johannes Høyland som sørga for orgeltonar til eit tjuetals tilhørande.
Les heile sakaI ei pressemelding frå Surnadal kommune no på føremiddagen, blir vi informert om at det er oransje farevarsel for skogbrann i Surnadal kommune. Farevarselet betyr at det er høg sannsynlegheit for skogbrann, og at ein eventuell brann kan bli så stor at den er vanskeleg å handtere.
Les heile sakaPå Hageland Surnadal vil dei denne helga feire at dei gikk til topps som beste butikk i Hageland-kjedens kundeundersøking. Heile 98,6 % av kundane i Surnadal anbefalte butikken, og dermed bar det rett til topps. Laurdag og søndag blir det difor feiring med pizza-party, der pizzaeksperten Knut Bergli fyrer opp pizzaovnen og serverer pizza til alle som kjem innom medan det er varme i ovnen.
Les heile sakaSurnadal pensjonistlag var onsdag samla til medlemsmøte i kantina på sjukeheimen. Viktigaste posten på programmet var orientering om planarbeidet med nytt helsehus, og det var nok mange som trossa varmen for å høyre nytt om dette prosjektet. Leiar i pensjonistlaget Bitten Ranes ønska velkomen, og starta med allsong med «Alle fugler små de er» før Brage Einum slapp til med to kortreiste songar – den eine var laga saman med jaktlaget på Mogstadsetra, medan den andre handla om Vålåskarshelg frå Meldal. Både tekst og song fall i smak, og Brage fikk god applaus for songen sin.
Les heile sakaI går gjekk Fjellgruppa i Surnadal Pensjonistlag sin fjelltur til Åkvikknoken i Halsa. – Vi gjekk langs vegen ovanfor gardane, som låg der velstelte etter kvarandre, kan Kristian Ranes i Fjellgruppa fortelje. Turen fortsette oppover ein skogsveg og etter kvart oppover ein fint opparbeidd sti.
Les heile sakaTodalen Camping, som er lokalisert ved Bordholmen stadion og driven av Todalen Elveeigarlag gjennom ein samarbeidsavtale med Todalen Idrettslag, vil i år opne frå fredag 31. mai. For booking, ta kontakt med Andreas Brøndbo på telefon 401 00 296!
Les heile sakaLaurdag 25. mai inviterer Todalen historielag til kulturvandring i Svinvika. Historielaget har fått med Sven Olav Svinvik som guide på runden i Svinvika denne dagen, og da får vi med oss historia både om garden og om Svinviks arboret. Sven Olav var eigar og drivar av garden i Svinvika frå 1969, og sitt med ein enorm kunnskap om både garden, gardsdrifta og om arboretet (Svinvikgjengstøa). Vi gler oss til å dele litt av denne kunnskapen med han, seier leiar i Todalen historielag, John Moe. Programmet startar kl 12.
Les heile sakaOnsdag 22. mai arrangerer Surnadal Demensforening og helselag ny turdag i samarbeid med Treffast. «GÅ MED OSS» til Kleiva!
Onsdag er det turdag igjen – det er meldt finvær denne dagen og, så det vil bli en fin spasertur opp til Kleiva. Oppmøte ved Frivilligsentralen kl 12.00.
Kom og bli med oppfordrar Liv Botten, som er leiar.
Torsdag 23. mai er Todalen kyrkje med som ein del av orgelstaffetten som står på programmet for Vårsøghelga. Det er eit samarbeid mellom Vårsøghelga, NTNU og Surnadal kyrkjelege fellesråd, og konsertane blir haldne i kyrkjene Mo, Åsskard, Todalen og Øye.
Les heile sakaTorsdag 23. mai klokka 11:00 inviterer Stavganggruppa i Surnadal Pensjonistlag til ny stavgangtur, denne gongen til bøkeskogen i Stangvika,
Les heile saka