Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Surnadal Golf Maraton for fjerde gong på laurdag

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 19. juni 2024

Laurdag 22. juni klokka 07:30 går startstkotet for Surnadal Golfklubb si fjerde utgåve av Surnadal Golf Maraton. Dette er ei parturnering over 3 x 18 hol, der dei spelar fourball, foursome og Texas scramble i dei tre rundane. Spelarane går rundt 25 – 30 kilometer i løpet av turneringa. 

Les heile saka

KNT rustar opp ruta til Innerdalen

Jon Olav Ørsal Onsdag 19. juni 2024

KNT – Kristiansund og Nordmøre Turistforening, har i år rusta opp rutenettet frå Todalshytta til Innerdalen.  Denne ruta er nymerka for alternativet som går over Snekkardalen, og i løpet at året skal det også merkes på nytt frå Snekkardalen til Innerdalen via Bjøråskaret.  Her er det eit skille oppå Snekkardalshalsen, der den eine sien går gjennom Snekkardalen, og det andre alternativet er altså å fortsette frå Snekkardalshalsen via Bjøråskaret.

Les heile saka

P17-koret med jonsvake i Åsskard kyrkje

Jon Olav Ørsal Onsdag 19. juni 2024

Gode musikkrefter deltek når Åsskard kyrkje fredag kveld feirar Jonsvaka for 41. gong. Arrangørkoret P17 samarbeider med operasolistane Sigrid Vetleseter Bøe og Erik Rosenius, pianisten Hedda Hansen Berg og ein instrumentkvintett frå Kristiansundsoperaen. Gode musikkrefter deltek når Åsskard kyrkje fredag kveld feirar Jonsvaka for 41. gong. Arrangørkoret P17 samarbeider med operasolistane Sigrid Vetleseter Bøe og Erik Rosenius, pianisten Hedda Hansen Berg og ein instrumentkvintett frå Kristiansundsoperaen. Arrangementet startar kl 21 med kåseri og fortsett med konsert kl 22.

Les heile saka

Fjellgruppa tok turen til Ørnnebba

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 19. juni 2024

Tysdag tok Fjellgruppa i Surnadal Pensjonistlag turen opp til Ørnnebba ovanfor Nordvik. Fjellvandrarane køyrde opp Blomlivegen og parkerte ved inntaksdammen, 380 meter over havet.

Les heile saka

Surnadal kino tilbake etter «teknisk knock-out»!

Bjørn Gunnar Ansnes Tysdag 18. juni 2024

Surnadal Kino har vore utsett for ein «teknisk knock-out» i eit par veker, men er no hardtslåande tilbake frå og med onsdag 19. juni. Dei to filmane som blir vist komande veke er Innsiden ut 2 og Bad Boys – Ride or die. 

Les heile saka

Kanstslått pågår – pass på litt…!

Jon Olav Ørsal Tysdag 18. juni 2024

Ole Peder Bæverfjord frå Veidekke var tysdag i gang med kantslåtten alt i 6-tida om morgonen.   Det er no andre gongen at Veidekke tek runden rundt bygda med kantslått, og denne gongen tek dei 3 meter ut frå kviststripa, medan dei første gongen tok 1 meter ut.  

Les heile saka

Bakels med graut på Skihytta på laurdag

Bjørn Gunnar Ansnes Tysdag 18. juni 2024

Laurdag 22. juni frå klokka 11:00 og to til tre timar utover, inviterer driftsstyret for Todalen Idrettslag si Skihytta til årets «bakelsdag», der dei serverer gratis kaffe og bakels med graut!

Les heile saka

Bli med stavgangarane til Svorka!

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 17. juni 2024

Stavganggruppa i Surnadal Pensjonistlag inviterer torsdag 20. juni klokka 11:00 til stavgangtur til Svorka i Bæverdalen.  Parkering ved garden.

Les heile saka

Fra Toåa Tursti månadens bilete i mai

Guro Redalen Måndag 17. juni 2024

Toåa tursti er meir enn ei stripa for hyggelege treff og trimpoeng-jakt, det er òg tittelen på vinnarbilete for mai. Meisterfotografen bak er Torkjel A. Moe – vi gratulerer!

Les heile saka

Med fine gevinstar!

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 17. juni 2024

Økonomigruppa i Todalen Idrettslag har også i år «Sommarlotteri» i samband med Todalsdagen 2024, som blir arrangert laurdag 29. juni. Årets lotteri har sju flotte gevinstar frå Hageland, Svinvik gard, Takstmann Øyås, Norsk Kvalitetsmat, Alti Surnadal, Olav Thon Gruppen og Setra drift.  

Les heile saka

Stangvik Historielag inviterer til tur til Nessadalen

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 17. juni 2024

Laurdag 22. juni klokka 10:30 inviterer Stangvik Historielag til tur til setrene i Nessadalen utanfor Flessen, oppmøte ved bommen til Båtvikvegen. Svein Aarnes blir med som vegvisar og vil fortelja om seterdrifta og gamal busetnad i området.

Les heile saka

Avlyser planlagt 100-årsmarkering

Bjørn Gunnar Ansnes Sundag 16. juni 2024

I går informerte Todalen historielag og Todalen Idrettslag om at dei hadde planer om å markere at det 30. september er 100 år sidan Alf Ramsøy vart fødd. I ettertid viser det seg at Skulstuå i Todalen også har planlagt ei slik markering, og at dei har kome lenger i planleggingsarbeidet. 

Les heile saka