Måndag hadde hadde Talgø Møretre besøk frå Norsk Institutt for bioøkonomi (NIMIO) på Gammelfabrikken. Nimio har rundt 750 tilsette totalt, men det var ei gruppe forskarar, ingeniørar og studentar frå avdeling treteknologi som var her i dag. Utviklingsdirektør Per Otto Flæte og andre leiarar frå Talgø Møretre var vertskap for gjengen som har har hatt omvisning på Gammelfabrikken i dag. Dei skal vidare til omvising på Talgø MøreTre på tysdag, før dei dreg vidare til NIBIOS anlegg på Tingvoll.
Les heile saka
Pål Arne Winsnes vart under søndagens gudsteneste i Stangvik kyrkje innsett som sokneprest i Indre Nordmøre prosti, med alle seks sokna i Surnadal som tenestestad. Winsnes fyller eit langvarig tomrom.
Les heile saka
Todalen sanitetsforening inviterer til kløvertur måndag 26. august. Oppmøte ved Matkroken Todalen og start derifrå kl. 11:00. Alle er velkomne til å bli med ut på tur.
Les heile saka
Tysdag 27. august inviterer Fjellgruppa i Surnadal Pensjonistlag til fjelltur til Ålvundeid og Valsetsetra. Oppmøte klokka 10:30 på parkeringsplassen nedanfor Øye kyrkje for samkøyring til Kvanne og vidare til Ålvundeid.
Les heile saka
Stangvik historielag inviterte til tur etter Kavlvegen laurdag 24. august. Heile 35 personar var med på vandringa frå Åsen etter Kavlvegen og opp til kvilebua ved Lomtjønna. Oddvar Kvande og Erling Myrbostad var dyktige og engasjerte historieforteljarar.
Les heile saka
Søyacupen 2024 vart arrangert på Søyabanen laurdag, og med 81 påmeldte lag og mellom 5700 og 600 spelarar, så var årets utgåve av cupen den største som nokon gong har vore arrangert. Som vanleg var trivselsfaktoren høg, og det bittelille regnet som vêrgudane varta opp med mot sluttten greidde ikkje å endre på dette.
Les heile saka
Fredag ettermiddag arrangerte Surnadal demensforening og helselag «Sensommerfest» for beboerne på Surnadal sykehjem. Med usikker værmelding så ble både telt med varmeovner og peisestue ble tatt i bruk for å få plass til rundt 70 som møtte opp, forteller leder i demensforeningen Liv Botten som har sendt oss bilder fra arrangementet.
Les heile saka
På Surnadal kommune sine heimesider, kan vi lese at Surnadal kommune og Surnadal Jeger og Fiskerforening (SJFF) fredag signerte ein avtale avtale om drift av eigedomen Vaulen på Nordmarka. Det var ordførar Hugo Pedersen og leiar i SJFF Turid S. Eggen som signerte avtalen.
Les heile saka
Søndag tek kyrkja i Surnadal imot Pål Arne Winsnes som ny prest og Amund Valde som nytilsett organist. Begge fyller langvarige tomrom.
Les heile saka
Stavganggruppa i Surnadal Pensjonistlag inviterte torsdag til stavgangtur til Sjøasetervatnet. Elleve stavgangarar møtte opp for å vere med på turen til Sjøasetervatnet.
Les heile saka
I samråd med familien vil Skulstuå laurdag 14.september 2024, markere at det er 100år sidan Alf Ramsøy vart fødd. Alf var fødd 1924 og døydde i 2014. Det vil bli eit allsidig program og aktivitetar for alle, med tilhald i Skulstuå, Todalen skule og omegn. Sett av datoen, meir detaljert info kjem, skriv Skulstua […]
Les heile saka
Kveldens trimtur til Toåa tursti avslørte at det var eit eller anna som foregikk ved eit av borda som er utplassert attmed gapahuken i Båthølen. Med PC’n på bordet og kaffekanne for traktering skjønte vi at det var møte på gang.
Les heile saka