Tysdag 1. oktober klokka 18:00 inviterer Surnadal Jeger- og Fiskerforening (SJFF) til førstehjelpskurs i klubbhuset sitt på Nordsida. Eksakt adresse er Nordsida 198. Her får ein lære litt om hva det er lurt å ha med i sekken på tur, korleis ein skal du bruke førstehjelpsutstyret og kva ein skal gjøre om uhellet er ute.
Les heile saka
Skal du over Nordmarka må du belage deg på mykje venting på grunn av asfaltarbeid mellom Bæverfjord bru ogg over marka til krysset med vegen som går innover Nordmarka. Det skal legges ny asfalt på denne strekninga, og vegen er delvis stengt i lange periodar gjennom dagen frå måndag til og med torsdag. Arbeidet foregår i tidsrommet frå kl 07:00 til kl 21:00.
Les heile saka
Fjellgruppa i Surnadal Pensjonistlag tok i tysdag turen til Vassdalen innst i Vindøladalen. – Vi er ikkje heilt samde om det var 26 eller 27 som var med til Vassdalen i dag, men at veret var alldeles som bestilt, det var vi enige om, fortel Kristian Ranes i Fjellgruppa
Les heile saka
Laurdag 21. september klokka 15:00 inviterer Surnadal kunstforening til opninga av utstillinga «Lauvfall» 2024 i galleri Finstuå på Surnadal kulturhus. Dette er ei juryert utstilling, og juryen har i år teke inn 18 utstillarar. Utstillinga vil vere opa kvar dag fram til og med laurdag 5. oktober.
Les heile saka
Torsdag 19. september klokka 11:00 inviterer Stavganggruppa i Surnadal Pensjonistlag til stavgangtur til Årnes.
Les heile saka
Svein Håvard Saksen (49) frå Granbostad i Bekkerhagen er ein av seksten deltakarar i årets utgåve av realityserien «Farmen» på TV 2 Direkte. Årets utgåve av «Farmen» er den tjuande i rekka, og blir i år spela inn på Gjedtjernet gård i Grue kommune i Innlandet.
Les heile saka
Seniorfilmklubben og Surnadal demensforening og helselag samarbeider også i år om markering av Alzheimerdagen gjennom å sette opp en film – med gratis inngang: Torsdag 19. september kl. 13 blir VÅRT LIVS FERIE vist i kinosalen.
Les heile saka
Månadens bilete i august er stemt fram, og fotografen bak vinnaren er Olav Halle. Vi gratulerer!
Les heile saka
Det lurar Jenny Klinge frå Nordvik på. Ho har nemleg fleire dagar den siste veka sett brune striper på fjorden, og lurer på kva dette er. Utover dagen i dag har stripene utvikla seg og vorte breiare kan Jenny fortelje.
Les heile saka
Onsdag 25. september klokka 15:00 inviterer Surnadal Pensjonistlag til medlemsmøte i lokala til Surnadal Frivilligsentral på Skei.
Les heile saka
Det er travle tider på Talgø Bygg – ikkje før har dei vore på Dyregod i Batnfjorden så er dei etablert med utstilling og stand på Dyrskun på Seljord. Dyrskun er faktisk norges største utstilling og martnadsopplegg, og ligg i år an til å kome over 100.000 besøkande, fortel Nils Ove Bruset frå Talgø Bygg. Eit stort område på 160 mål utgjer messeområdet, der det er utstillarar frå heile landet. For Talgø Bygg sin del er det første året at dei er utstillarar på Dyrskun, og dei har stand i lag med Talgø Agrobygg i Bindal.
Les heile saka
Todalen sanitetsforening inviterer til kløvertur måndag 16. september. Oppmøte ved Matkroken og start derifrå kl. 11:00. Alle er velkomne til å bli med ut på tur!
Les heile saka