Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Stavgang: – Rundtur på Røssmoen

Jon Olav Ørsal Fredag 13. juni 2025

Torsdag vart det ein kjempefin vêrdag, og dagens stavgangtur vart ein rundtur langs elva – eller rettare sagt øssmoen rundt som endte opp i Svartvassområdet der det vart ein kaffedråpe etter turen. 

Les heile saka

Ryddige elvekantar – klart for ny sesong

Jon Olav Ørsal Fredag 13. juni 2025

Laksefisket er forlengst igang i Toåa, men vi har venta på betre innsig før vi startar for fullt, seier Stig Husby, som er leiar i Todalen elveeigarlag.  Torsdag kveld samla han habile mannskap for å ta ein dugnadstørn med rydding av elvekantar og tilrettelegging for laksefiskarane.  

Les heile saka

Besøkte Gammelfabrikken og Todalshytta

Jon Olav Ørsal Torsdag 12. juni 2025

Norilco Nordmøre stakk innom Gammelfabrikken på tur til middag på Todalshytta.  Det var nok mange som lurte på kva KBK-bussen gjorde i Todalen i dag, men det var altså ikkje meir vidløftig enn at dei sørga for skyss til stomigruppa i Norilco Nordmøre. På Gammelfabrikken fikk dei høyre og sjå Talgøhistoria, og det vart og tid for omvisning både ute og inne – og sjølvsagt fekk dei sjå Trollheimsutstillinga med blant anna Tingvollulven. 

Les heile saka


Innbrot og ruteknusing i skulebygninga

Jon Olav Ørsal Torsdag 12. juni 2025

Forbipasserande meldte om at det har vore ruteknusing og innbrot i skulebygninga i Todalen. 3 vindusruter inn til eit av klasseromma var knust, slik at ein kunne opne det eine vindauga. Eigedomssjef Olav Rønning fortel at det har vore vaktmester på staden for å sikre vinduet.

Les heile saka

Fjellgruppa nådde Knykens topp

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 11. juni 2025

Tysdag inviterte Fjellgruppa i Pensjonistforbundet Surnadal til fjelltur, og denne gongen var Knyken målet. Vêrvarsla var ikkje dei aller beste for dagen, men da dei 22 godt motiverte pensjonistane møtte opp for å bli med til Knykens topp.

Les heile saka

Toril Redalen stiller ut på Nasjonalmuseet i Oslo

Dordi Jorunn Halle Onsdag 11. juni 2025

I tida frå 23.mai til 14. september i 2025 har Nasjonalmuseet ei utstilling med tittelen «Ny nordisk. Mat, estetikk og sted». Dette er ei omfattande og variert utstilling med arbeid og kunstverk frå alle dei Nordiske landa.

Les heile saka


Pinsefest i Stangvik og strålande kyrkjedag

Bernt G. Bøe Tysdag 10. juni 2025

Nydeleg sommarver og godt frammøte medverka til ei vellykka pinsegudsteneste i Stangvik. Fem barnedåp, klår bibelbodskap og mektig salmesong fylte kyrkjehuset. 
Beundra av små og store, og til klokkeklang av malm frå 1400-talet, fann kyrkjebåten frå Hamnes sin plass i støa. 

Les heile saka

Husk dugnad torsdag – bli med og rydd elvekantene langs Toåa

Jon Olav Ørsal Tysdag 10. juni 2025

Det gror igjen – elvekantene langs Toåa er ikke noe unntak. Derfor blir det dugnad med rydding av adkomst og diverse oppgraderinger langs elva torsdag 12. juni kl. 18.00,
forteller Stig Husby, som er leder i Todalen elveeigarlag.
Dugnadskvelden blir det oppmøte på Bruset – ta gjerne med motorsag og hagesaks.  Elveeigarlaget stiller med ryddesag.  Alle som har lyst kan bli med på dugnad, men grunneiere oppfordres spesielt til å bli med.

Les heile saka

Inviterer til kulturvandring på Nordvik

Bjørn Gunnar Ansnes Tysdag 10. juni 2025

Nordvik Grendalag og Todalen historielag inviterer til kulturvandring på Nordvik laurdag 14. juni klokka 12:00. Sven Olav Svinvik, Rannveig Brøske og Anna Ingeborg Nordvik med fleire, vil vere lokale guidar. 

Les heile saka

Stavgang til Røssmoen og elvepromenaden

Jon Olav Ørsal Tysdag 10. juni 2025

Komande torsdag – 12. juni kl 11:00 går stavgangturen til Røssmoen og nedover elvepromenaden.  Oppmøte ved Coop Extra og start derifrå  – vêret ser ut til å bli bra, og vi håpar på bra deltaking.  Alle sammen er velkomne.