Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Demensaksjonen får hjelp frå Surnadalsrussen

Jon Olav Ørsal Tysdag 9. september 2025

Den årlege demensaksjonen står for døra, og neste veke står Surnadal demensforening og helselag i samarbeid med Rindal demensforening som arrangørar av årets aksjon. Tysdag møtte dei to leiarane Surnadalsrussen for å brife mannskapet til årets innsamlingsaksjon som går av stabelen i neste veke. 

Les heile saka


Sesongavslutta med imponerande resultat i Norgesmesterskapet for lag

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 8. september 2025

I helga var det Norgesmesterskap (NM) for lag i motocross på Skaun Motorsenter i Skaun. Ola Vikan (13) deltok der på regionlaget NL Autosport i klassen MX 85. Det var meininga Ola også skulle vere med på avslutningsløptet i Østlandscup domande helg, men sjukdom gjer at han vel å stå over der. Dermed vart helgas NM på mange måtar sesongavslutninga for Ola, sjølv om han til helga deltek på eit haustløp i Snillfjorden.  

Les heile saka


Kløvertur til Haltbakkan

Dordi Jorunn Halle Sundag 7. september 2025

Todalen sanitetsforening inviterer til kløvertur til Haltbakkan måndag 8. september. Oppmøte ved Matkroken og start derifrå kl. 11:00. Vel møtt!

Les heile saka

Påminning: Klart for nytt demenskor i Surnadal – blir du med?

Jon Olav Ørsal Sundag 7. september 2025

Surnadal demensforening og helselag ligg no i startgropa for å starte med eit nytt kor i Surnadal, og tenkje da på eit kor for menneske som lever med demens, fortel leiar i foreninga Liv Botten. Aller først vil ho lodde stemninga for eit slik kor, og inviterer til første oppmøte tysdag 9. september kl 17:00 på Frivilligsentralen på Skei. 

Les heile saka


Ein spe start på oppryddinga

Bjørn Gunnar Ansnes Laurdag 6. september 2025

Akkurat på dagen ein månad etter den dramatiske brannen i Holbakken hos Elinor og Ivar, var det torsdag kveld ein liten dugnad for å flytte blomstrar, planter og busker.- Mange har ytra ønske om å kunne hjelpe oss på all slags vis etter brannen, og dette var ei fin anledning til å både vere sosial og gjere noko det var gang i, fortel Elinor Bolme 

Les heile saka

Fjellgruppa i Pensjonistforbundet Surnadal til Tindan

Jon Olav Ørsal Laurdag 6. september 2025

Tysdag 9. september går turen til Tindan i Valsøyfjorden. Oppmøte på parkeringsplassen på Øye kl 09.30 for samkjøring til Henna og bomvegen  innover Hennadalen til parkering ved Hennasetra. Følger stien som går  til Hennafjellet opp til skiltet på biletet. Tek der til høgre og følger stien innover  til Tindan. 
Vel møtt medlemmer og andre!


Kva er det som skjer i Brusetmelan?

Jon Olav Ørsal Fredag 5. september 2025

Veidekke troppa opp med lastebil og gravemaskin i Brusetmelan fredag føremiddag – er det nytt skilt som skal på plass, spør vi Øystein Kvernberg som er i ferd med å graveopp og montere eit fundament mellom vegen og elva?  – Kvernberg har akkurat fått på plass fundamentet, og han har forklaringa på kva som skal skje!

Les heile saka

Årnesdag

Dordi Jorunn Halle Fredag 5. september 2025

Turgruppa i gamle Stangvik og Stangvik historielag inviterer til årets Årnesdag laurdag 6. september. Arrangementet blir i Grendahuset og startar kl. 11:00. Alle er velkomne!

Les heile saka

Stavgangarane med godvêrstur til Krokvatnet

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 4. september 2025

Torsdag inviterte Stavganggruppa i Pensjonistforbundet Surnadal til stavgangtur til Krokvatnet. Og det vart ein skikkeleg fin haustdag med sol og god temperatur for dei tjue stavgangarane. 

Les heile saka