Vi har tidlegare skrive om at det går føre seg skogsdrift i Bjørålia og utover mot Korslia. Dette berører turstien som er merka frå Storhaaugen og ned mot Liatur/Brusetnesset. Medan arbeidet har pågått har det vore mykje nedbør, og det har gjort at det er på det næraste uframkommeleg etter stien, fortel Jon Bruset. Han har sendt oss eit par bilder som viser at det er både mykje kvist og blauthol der den merka stien går.
Les heile saka
Svorka opplever stor vekst, noko som gjer at dei treng fleire tilsette. I ei pressemelding no på føremiddagen, så lyser Svorka ut fleire stillingar, samstundes som dei informerer om at det vil bli utlyst enda fleire ganske snart.
Les heile saka
Torsdag 14. november opna Hageland Surnadal julebutikken. Dette er ein landsomfattande kampanje for Hagelandkjeda landet rundt. No bugnar det med julevarer – juletre, julelys, julepynt og ikkje minst juleblomster i butikken.
Les heile saka
Torsdag kveld opna Surnadal kunstforening si tradisjnelle førjulsutstilling «Haustlys». Det skjedde i Finstua på kulturhuset, og årets utstillar er Astrid Narvestad Wærdahl som i dag bur og har sitt virke som kunstner i Bøfjorden. Astrid har budd rundt omkring i Norge og har flytta 20 gonger, men hun hadde sin barndom i Askim og si ungdomstid i Kristiansand. Sin bakgrunn som kunstnar har ho frå Bergen Kunsthåndverkskule i 1979 – 1983. No bur ho altså i Bøfjorden og har sitt atelier der. Det siste året har ho hatt eit engasjement på Amfi Kreativ i Surnadal.
Les heile saka
Indre Nordmøre senioruniversitet inviterte onsdag 13. november til møte i Surnadal kulturhus. Temaet var «Lars Talgø og brurekronene hans». Bjørn Austigard heldt eit engasjert og interessant foredrag om Lars frå Taløyan i Todalen som laga så fine og forseggjorde brurekroner.
Les heile saka
Todalshytta minner om sin lutefiskaften i kveld (14.11.), og kjøkkenet er ope frå kl 17:00 og utover til klokka 21. Har du lyst på ein smak av jul, så er det berre å melde seg på med bordbestilling til Arve på telefon 92997550.
Les heile saka
Todalen idrettlag har hatt avtale om leige av Bordholmen sia 1946 – sist avtalen var reforhandla var i 1977. No var det på tide å fornye avtalen, og på bakgrunn av reduserte idrettsaktivitetar ønsker grunneigarane en avtalen med både kortare varigheit, og ein avtale med berre 2-årig oppseiingstid i staden for 3 år, slik det står i avtalen frå 1977.
Les heile saka
Bilete Jæger i haustsol fotografert av Sondre Halset er velfortent kåra til oktober sitt beste bilete. Vi gratulerer!
Les heile saka
Det har i dag vore problem med Telenor sitt nett, noko som gjer at delar av kriseleiinga i Surnadal kommune har hatt møte om situasjonen og har iverksett tiltak for å trygge liv og helse inntil naudnummertenesta er heilt friskmeldt.
Les heile saka
Berre ein liten kurositet kanskje, men i går – eller var det i forgårs, kunne vi konstatere at Hønhalsen hadde gått av for andre gong i år. Det har sikkert skjedd før, men vi har aldri lagt merke til det tidlegare.
Les heile saka
Fredag 15. november frå klokka 12:00 – 17:00 inviterer Lia gard til ope bakeriutsal. Og på fredag får ein igjen sjansen til å kjøpe den nye kanelsnurren med heimelage vaniljekrem, som så langt har vorte ein «stor hit».
Les heile saka
Den historiske avdelinga på Gammelfabrikken er snart på plass – Gunnar Nordvik og Magne Søyset jobbar med å få dei siste detaljane på plass til søndag 24. november, når det skal være open dag for omvisning og kaffelag. I dag kom den store kronhjorten på plass, og det var jammen berre akkurat.
Les heile saka