Todalen sanitetsforening inviterer til kløvertur måndag 13.mai. Start frå Matkroken kl. 11:00. Alle er velkomne til å bli med ut på tur.
Les heile saka
Todalen sanitetsforening inviterer til kløvertur måndag 13.mai. Start frå Matkroken kl. 11:00. Alle er velkomne til å bli med ut på tur.
Les heile sakaDet vart ei triveleg stund i kyrkja, da vikarprest Torbjørn Brøske sørga for å «gje presthanda» til dei 5 konfirmantane i Todalen kyrkje sist laurdag. Det er ei tid for alt sa Torbjørn, men dette er definitivt det siste konfirmantkullet for min del.
Les heile sakaI går kveld var det årsmøte i Todalen.no i Skulstuå i Todalen. Før det formelle årsmøtet tok til, fekk årsmøtet ei lita historisk orientering om Skulstuå i Todalen ved Ragna Kvendset. Etterpå gjekk dei ti frammøtte over til den formelle delen av årsmøtet.
Les heile sakaFredag var det dugnad med dekkelegging på nærmiljøanlegget på Bordholmen. Gjeldnes maskin har tidlegare gjort grunnarbeidet og fylt opp med pukk og knusagrus for å stabilisere underlagt. No er det legging av filt og dekkke som blir gjort – da vi var innom var dette arbeidet kome omtrent halvvegs.
Les heile sakaI formannskapsmøtet i Surnadal sitt møte sist tysdag vart det samrøystes vedteke at Todalen Meieri AS fekk tilbod om å kjøpe Todalen skule for 1 krone. I kommunedirektøren si innstilling til formannskapet, hadde han innstilt på at Todalen Meieri AS skulle få kjøpe heile oppvekstsenteret for 650.001 kroner, men dette sa altså formannskapet samrøystes nei til. I formannskapet sitt vedtak fekk meieriet ein forkjøpsrett på Todalen barnehage, ved eit eventuelt seinare sal av denne.
Les heile sakaLaurdag 11. mai kl. 11 er det konfirmasjonsgudsteneste i Todalen kyrkje. Det er veteranane Torbjørn Brøske og Bernt Bøe som er henholdsvis vikarprest og organistvikar.
Les heile sakaEtter å ha vært involvert i Matkroken Todalen i over 50 år, overlater Terje Nordvik den daglige driften av butikken til Jorid Haugen Ansnes. – Til høsten har Jorid vært ansatt her i 27 år. Hun kjenner butikken inn og ut, og jeg er veldig fornøyd med at Jorid har takket ja til å drifte butikken videre i ny rolle som butikksjef, sier daglig leder Terje Nordvik ved Matkroken Todalen.
Les heile sakaTysdag 14. mai inviterer Fjellgruppa i Surnadal Pensjonistlag til ny fjelltur. Denne gongen går turen til Solemsetra. Oppmøte på parkeringsplassen nedanfor Øye kyrkje klokka 10:00 for samkøyring til Flessen og Solem gard, der det blir parkering.
Les heile sakaKyrkja i Surnadal inviterer til «felles middag» på kyrkjelydshuset onsdag 15. april klokka 16:00. Store og små i alle aldrar er da velkomne til kyrkjelydshuset på Skei, der det blir servert middag med påfølgande ettermiddagskaffe/te.
Les heile sakaNordvik Grandalag inviterer til 17. maifeiring i Nordvik forsamlingshus klokka 14:30 på Nasjonaldagen. Her blir det først servert sodd og pølser, før ein får tale for dagen. Klokka 16:00 blir det leikar på Øygarden og loddsal.
Les heile sakaI går gjekk Stavganggruppa i Surnadal Pensjonistlag sin første tur for sesongen, og sesongens første turmål var Glærum. Turen starta frå Kalkstranda og gjekk oppover til toppen.
Les heile sakaTalgøbygg har den siste tiden jobbet med å få sertifisert både folket og utstyret for produksjon av takstoler ved anlegget i Todalen. Det er Treteknisk instistutt som sørger for godkjenning og sertifisering for slik produksjon, og onsdag var «treteknisk» på besøk i Todalen. Og det gikk greit å få godkjenning, med noen små tilpasninger, forteller fabrikksjef Michal Heimlund som nedenfor beskriver den faglige biten for oss.
Les heile saka