Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

God innsats i dagens individuelle i Puy-Saint-Vincent

Jon Olav Ørsal Laurdag 29. mars 2025

I dagens individuelle konkurranse var det Aron Rodal Haugen som trekte det lengste strået, og han hamna til slutt på ein 7.-plass i klassen U18 Men.  Aron kom i mål på tida 55:08 (+4:44 til vinnartida til kinesaren Langjia Gongsong), men fekk 3 minutt i tillegg av ein eller anna grunn.

Les heile saka

Gudsteneste i Todalen kyrkje på søndag

Bjørn Gunnar Ansnes Fredag 28. mars 2025

Todalen Sokneråd inviterer søndag 30. mars klokka 11:00 til gudsteneste i Todalen kyrkje. Her blir det mykje song og musikk, og det skal syngast kjende og kjære songar, seier sokneprest Pål Arne Winsnes. 

Les heile saka


Du kan gjere ein forskjell!

Bjørn Gunnar Ansnes Fredag 28. mars 2025

Kirkens Nødhjelp sin årlege «fasteaksjon» står for døra, og med ei verd som er urolegare enn på lenge, med krigar, konfliktar, politiske spenningar og klimaendringar, så er vår hjelp gjennom å bidra til innsamlingsaksjonen viktigare enn nokon gong!

Les heile saka


Godt besøkt medlemsmøte i Pensjonistforbundet Surnadal

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 27. mars 2025

Onsdag ettermiddag inviterte styret i Pensjonistforbundet Surnadal til medlemsmøte i lokala til Surnadal frivilligsentral i Fiskegården på Skei. Anne-Sissel U. Mogstad har sendt oss ein liten rapport frå medlemsmøtet, som også denne gongen vart godt besøkt. Rapporten les ein nedanfor:

Les heile saka

Mix-stafett i verdscupen i Puy-Saint-Vinsent i Frankrike

Jon Olav Ørsal Torsdag 27. mars 2025

Juniorverdscupen i randonée går videre i Puy-Saint-Vinsent i Frankrike – i dag har det vore mix-stafett som har stått på programmet. Noreg stiller med 2 lag.  Aron Rodal HAUGEN / Elise Hjelset ANDERSEN er førstelaget, og Hampus Mack TRONVOLL / Ingfrid KLOKSET  er andrelaget. 

Les heile saka

Gratis temaforedrag – Demens og kognitiv svikt

Jon Olav Ørsal Torsdag 27. mars 2025

Surnadal demensforening og helselag har i samarbeid med Rindal demensforening og Rindal sanitetsforening, invitert Marthe Kvello Alme til å komme å holde foredrag om demenssykdommer og kognitiv svikt. Marthe var også høsten 2024 i Surnadal og holdt dette foredraget, men dette er et så bra og viktig foredrag at vi igjen ønsker å gjennomføre det. I Surnadal blir det en repetisjon av foredraget i oktober og en del mere.

Les heile saka

Sjekkar fyringsanlegget så du kan fyre trygt

Jon Olav Ørsal Onsdag 26. mars 2025

No er feiarane ute på ein tilsynsrunde – dei sjekkar fyringsanlegget, slik at det skal være trygt å fyre – trygg for brannfare og sotbrann som lett kan starte i murpipa dersom den ikkje blir feid. No er dei to feiarane på rundtur i Todalen.

Les heile saka

Til topps i tynn luft i Puy-Saint-Vinsent i Frankrike

Jon Olav Ørsal Onsdag 26. mars 2025

I dag starta juniorverdenscupen i Puy-Saint-Vinsent i Frankrike.  Juniorlandslager har vore på plass for å aklimatisere seg.  Det ser ut som løparane har klart å tilpasse seg til tunn luft, for Aron viste sine kvalitetar og ginn inn på beste tid i finalen i klasse U18 men, dermed sikra seg seier.  Isak måtte melde sjukdomsforfall i dagens løp, men Hampus Tronvoll var nest beste nordmann i klassen med ein 12. plass .

Les heile saka