Skigruppa orienterer om at dei søndagane framover vil arrangere skileik på Tjønnmyra. Her blir det sosialt for store og små i det flotte nærmiljøanlegget som er anlagt der oppe. Topp forhold i løypene no før det meldte regnet sett inn, og i akebakken er der rå for å miste både pust og å få snøen innafor jakka.
Les heile saka
Komande søndag, frå kl 15.00 og utover, arrangerer Todalen historielag tradisjonell ettermiddagskafé i Todalen ungdomshus. Denne gongen byr historielaget på kåseri med Gunnvald Bøe, som vil kåsere om ord og uttrykk som er knytta til vêr og vind – og kanskje andre historier. I tillegg vil «Skannerpatrulja» vise nokre gamle bilder frå historielagets arkiv.
Les heile saka
Det var friskt i hamneområdet da Surnadal Hamneterminal og Kristiansund og Nordmøre havn inviterte til opningsfest. Det skjedde nettopp på hamna, og det var rigga til eit stort telt, der det var både servering og underhaldning og ikkje minst helsingar inviterte gjestar både frå nær og fjern. Sjølv om det var rundt 10-talet med kuldegrader så var det ingen som klaga på kulda…
Les heile saka
Måndag 16. januar starta som ein riktig fin vinterdag. Gradstokken viste minus åtte grader oppå Tjønnmyrå, og det er kjempefine forhold i lysløypa med nypreparerte spor.
Les heile saka
Det har vore travle tider for brøytarane dei siste døgna. Er usikker på kor mykje snø som er kome, men det har iallfall vore full rulle for dem som skal halde vegane opne for oss trafikkantane. – Måndag føremiddag var dem komne ajour, og da var det godt med 10-kaffe på Matkroken og litt utveksling av erfaring.
Les heile saka
Då er tida kome for å stemma fram det beste bilete for 2016. No er det straks sju år siden vi starta med å stemma fram månadens bilete, og sju og eit halvt år siden vi byrja å leggja ut bilete vi får inn dagleg. Det betyr at vi no har eit arkiv på meir enn 2600 bilete.
Dagens bilete er eit av dei mest populære innslaga på Todalen.no, noko vi tykkjer er stas då det er noko alle våre lesarar bidreg med. Vi er heilt avhengige av å få inn bilete til dette, og er glade for å kunne trekke fram nokre av dei vi tykkjer er dei beste kvar månad og gjere litt ekstra stas på dei.
Les heile saka
Frå kyrkjekontoret på Skei har vi fått ei oversikt over aktivitetar dei skal ha for seg første halvår av 2017. Bibelgruppene er kl. 12-14 og strikkekafé kl. 15-17 på kyrkjelydshuset på Skei. For meir informasjon ring kyrkjekontoret på tlf. 71 65 70 60 eller direkte til diakon Aud Brynhild Indset på tlf. 90 10 93 […]
Les heile saka
Ola Røe på Nordvik er ein habil hobbyfiskar, og har nok fått mykje rart i garna sine i løpet av ei årrekkje. Men denne veka sette han nok rekorden, da han gjorde det første garnsettet nyåret – på rundt 50 meter dybde utafor heimen sine på Nordvikstranda. Og stor vart nok spekulasjonen når han fekk denne framandkaren i garnkassa da han tok oppatt garna torsdag.
Les heile saka
Med snøfallet siste døgn og nokre få kuldegrader, så vart det uteaktivitetar igjen. På Bordholmen er skeiseisen alt på plass, og banen er klar til bruk – enten du vil prøve det på kunstløp, ishockey eller kanskje først og fremst å lære å gå på skøyter. På Tjønnmyra er det også fine forhold. Heile traseen er køyrt opp, og det er fin-fine løyper der du kan prøve skiene på blåswix-føret.
Les heile saka
Surnadal Pensjonistlag har melder om oppstart av sitt første medlemsmøte på nyåret no førstkommande tirsdag
17. januar kl 15.00 på sjukeheimen. På møte agendaen står orientering, quiz, song, servering og loddsal. Styret ønsker alle sine medlemmer vel møtt!
Les heile saka
Natt til fredag vart det nok eit jervfall – same stad og same jeger. Dermed er den ordinære kvoten for Møre og Romsdal og Trollheimsområdet fyllt – men fredag ettermiddag har vi frå pålitelige kjelder fått opplyst at fylkesmannen har tildelt eit ekstradyr.
Les heile saka
100-åringen har vorte 101, og Marcus og Martinus kjem i filmversjon. Dette er berre litt av det som skjer på Surnadal kino i januar.
Les heile saka