I dag var det fotoutstilling i Skulstuå. Og ved åpning klokka 13 vart det nesten for lite plassar til alle som kom og ville sjå salgsutstillinga til Reidar Østvik. Han hadde med seg godt og vel 30 bilder, som vart godt motteke av dei som tok turen.
Les heile saka
Det var vel ikkje noko stor overrasking at Kilian Jornet gikk til topp under dagens randoneecup på Kårvatn i Todalen. Med bestetida 1:16:56 kom han i mål 10 minutter før Håkon Klerud Johannesen, som kom inn på andre. I juniorklassen kan vi glede oss over at Sondre A. Svensli får det til å fungere igjen etter sjukdomsavbrekket.
Les heile saka
På nyåret arrangerte Surnadal pensjonistlag datakur for sine medlemar. Dette var det stor interesse for og dei kjørte faktisk to parti for at alle interesserte skulle få delta. No er dei ferdige med datakurset, og no dei datainteresserte pensjonistane fortsette å treffast, og kanskje andre også vil vere med, lurar leiar Kristian Ranes.
Les heile saka
Sjølv om vêrmeldingane er «bob-bob», legg Surnadal kino opp til at alle skal få ein heidundrande vinterferie. Det er sett opp 18 heile framsyningar i løpet av ferieveka – og med ei spennvidde få kan matche!
Les heile saka
Helgas randoneecup på Kårvatn i Todalen får selebert besøk. Nils Ove Bruset bekreftar no at Kilian Jornet Burgada kjem til helgas randoneecup på Kårvatn. Om Kilian Jornet Burgada kan det seiast at han kjem frå Spania, og er kåra til den fremste uthaldande idrettsutøvar i sin generasjon – ei kåring som New Yourk Times star attafor.
Les heile saka
På Kårvatn er førebuingane i gang til helgas randoneecup som foregår i Dalalia. Her blir det renn både laurdag og søndag, og alt ligg no til rette for eit vellukka arrangement. Forleden trefte vi rennleiar Nils Ove Bruset og Gudmund Kårvatn, da dei kom frå fjelltur og sjekking av føreforholda i Dalalia.
Les heile saka
5. runde i sjakken gikk i «utlendigheit» i Skulstuå, da Kaffekroken var okkupert av snekkarar og målarar sist søndagskveld. Men det gikk godt, og dei fann seg godt tilrette rundt langborda
Les heile saka
Indre Nordmøre forsvarsforening inviterer til årsmøte på Hammerstuene, på Surnadalsøra, torsdag 16. februar 2017 kl. 13.00. Ivar Olaf Halse, tidligere kommandant ved Vardøhus festning, vil fortelle årsmøtet om Vardøhus festning, elles blir det vanlige årsmøtesaker.
Les heile saka
Karen Johanne fikk skikkeleg respons på bakelsa da Kaffekroken hadde offisiell nyopning måndag. Da var det nemleg gratis kaffe og bakels med graut til alle som var innom butikken denne dagen. Eit par bøtter med bakslrøre og rundt 10 liter med smørgraut gikk fort unna…
Les heile saka
Første kløverturen i år vart arrangert måndag 13. februar, og turveret var strålande, sol frå skyfri himmel og nokre få, små varmegrader.
Les heile saka
Årets første vinnar av månadens bilete blei Randi Helene Husby med «Snart kommer sola». Vi gratulerer og lovar at premien blir overbragt ved første anledning. Vi treng stadig nye bilete, så send inn til oss på e-post red@todalen.no. Kanskje tek du turen til Kårvatn til helga og får eit fint vinterbilete?
Les heile saka
Ein flott kniv vart søndag funne ved gapahuken i Gunnøya. Er du den rettsmessige eigaren er det berre å ta kontakt med Wenche Kvendset, så får du att kniven.