Todalen sanitetsforening minner om medlemsmøtet tysdag 5. mars kl 18:30 – det skjer i Sanitetshuset på Kvennset, der alle er velkomne !

Todalen sanitetsforening minner om medlemsmøtet tysdag 5. mars kl 18:30 – det skjer i Sanitetshuset på Kvennset, der alle er velkomne !
Kirkens Nødhjelp sin fasteaksjon, er etter TV-aksjonen, den største innsamlingsaksjonen i Norge. Akkurat no gjer kyrkjelydane over heile landet seg klare til å gjere ein innsats for å gje håp til mange som treng det, i ei verd som er sterkt prega av nød og liding.
Les heile sakaTorsdag kveld var det tid for oppsummering av gammelåret i Stangvik historielag. Det har vore bra aktivitet gjennom 2023, og møteleiar Einar Grønnes losa oss greit og effektivt gjennom årsmøtesakene som stod på agendaen. Både årsmelding og årsrekneskap var gjennomgått og vart kort og godt einstemmig vedteke utan nokon form for debatt og knappast ein einaste kommentar.
Les heile sakaTodalen Idrettslag gjennomfører sitt årsmøte torsdag 7. mars klokka 19:00 i Todalen ungdomshus. No er fullstendig sakliste til årsmøtet klar, og idrettslaget håper medlemmane møter opp på årsmøtet.
Les heile sakaPå Talgø sitt fabrikkanlegg i Todalen har dei ei stor og velutstyrt overflateavdeling frå tida med møbelproduksjon. Nye tider krev nye løysingar, så no er overflateavdelinga bygd om til å handtere ferdigmåla furu- og grankledning. Deler av det gamle anlegget, slik som tørkeanlegget frå «møbeltida» er bruka oppatt i det nyutrusta overflateanlegget. No kan det køyrast 2 strøk på eit gjennomløp, og panelet kjem ut igjen i andre enden av anlegget – ferdig tørka og klar for stabling.
Les heile sakaI Brusetmarka – på vegen opp Falla ligg det ein stor stein midt i vegbanen. Det er imidlertid god mulegheit for passering, men den kan kanskje kome litt brått på. På øversida av vegen er det eit lite «utlopp» der steinen er komen frå, og det kan være ein viss fare for at det kjem fleire steinar – eller masse derifrå. – Steinen er forlengst fjerna, fortel Kjell Gunnar Polden, som har stillt opp med traktor og reiskap.
Les heile sakaI går kveld besøkte Riksteatret, i samarbeid med Teatret Vårt Storstuå på Surnadal kulturhus, der dei viste fram teaterstykket Det mørke fortet. Seks lokale Minecraftspelarar var med som aktørar under framføringa. Frå Todalen var det Sivert Sogge, Trygve Aleksander Halle, Fredrik Sogge og Håkon Brøndbo som entra scena.
Les heile sakaI kveld var det årsmøte i Nordvik Grendalag i Nordvik forsamlingshus. Her stod vanlege årsmøtesaker som årsmelding, rekneskap, val og innkomne saker på saklista. Grendalaget serverte også kaffe og noko å bite i under årsmøtet sitt.
Les heile sakaSurnadal Jeger og Fiskerforening (SJFF) minner sine medlemmar om årsmøtet torsdag 29. februar klokka 18:30 i klubbhuset på Tellesbø, Nordsida 198. Vanlege årsmøtesaker.
Les heile sakaOnsdag 28. februar klokka 18:00 – 19:00 inviterer Barne- og ungdomsgruppa i Todalen Idrettslag til Balleik i gymsalen ved Todalen skule. Her blir det opp til dei som møter opp å avgjere kva for balleikar dei skal halde på med i timen dei har til aktivitetar. Tilbodet gjeld for 1 – 10. årstrinn.
Les heile sakaI dag var det aksjon med fraktisng av stortåillå fram til bilveg. Det var Per Gjeldnes Maskin som hadde fått oppdragen med å frakte den 7 m3 furua frå vosterplassen i øyalia og ned til skogsbilvegen ovafor ungdomshuset. Gjeldnes Maskin stillte med 22-tonns gravemaskin til transporten, og tysdag morgon var prosjektet i gang.
Les heile sakaFredag 1. mars klokka 18:00 – 21:00 inviterer Treffast Surnadal til swingkurs i Toneheim i Surnadal. Det er undergruppa «Kom å dans» som er teknisk arrangør av kurset, og kurset er for «nybegynnarar», så har du lyst til å lære deg swing, så er det berre å møte opp i Tonheim. Det blir servert kaffe og noko attåt heiter det i invitasjonen til kurset.
Les heile saka