På Husby har det i dag gått hardt utover lauvtrebestanden på tampen av dagen. Det er Per-Åke Jacobsson som fliser opp olderstrangar som skal bli til strø i sauefjøset heime på Hjellnes.
Les heile saka
På Husby har det i dag gått hardt utover lauvtrebestanden på tampen av dagen. Det er Per-Åke Jacobsson som fliser opp olderstrangar som skal bli til strø i sauefjøset heime på Hjellnes.
Les heile sakaDenne helga er det stort lagersalg på Byggmakker – etter storstila rydding på alle lager er det mykje restar og B-vare som skal ut til utruleg låge prisar. Ta med deg tilhengar og kom, er budskapet frå Byggmakker. Samtidig er det sesongopning på Hageland Surnadal – sommarvarene er på plass i hagesentret, og denne veka innfører butikken sommartid med søndagsopent fra 12 – 17.
Les heile sakaDa Eiksentret flytta verksemda si til Syltøran inviterte dei sine kundar til det første vårtreffet – sia har det vorte ein årleg tradisjon med unntak for eit par «pandemiår.
Les heile sakaEn større satsing på Stikk UT! Vinter har gitt økning i både deltagelse og antall turer. I årets vintersesong har knappe 14 000 deltagere registrert over 200.000 fot- og skiturer, det er over 60 000 flere enn forrige vintersesong.
Les heile sakaOverskrifta er henta frå heimseida til S9 Galleri i Oslo. Sissel frå Ytterbaugen i Todalen og Anne Marie frå Surnadal har i to veker frå 6. til 18 april hatt måleriutstilling der. Det er stort å bli anerkjent og få stille ut i hovudstaden!
Les heile sakaLaurdag 20. april klokka 19:00 kjem Teatret Vårt med si humoristiske hylling av Norsk sangbok til Storstuå på Surnadal kulturhus. Før teatret blir det ein minikonsert i foajeen på kulturhuset klokka 18:30.
Les heile sakaSindre Bruset (20) frå Hjellen i Brusetgrenda har tysdag, i går og i dag, som ein av seks finalistar i sin klasse, delteke i NM for lærlingar og unge montørar i elektrikar- og telekomfaget, som vart arrangert av Nelfo (NHO) i Oslo. Sindre gjorde ein kjempefin innsats dei tre finaledagane, og kom til slutt på ein fin tredjeplass, og vart dermed bronsevinnar
Les heile sakaTodalen Sokneråd inviterer søndag 21. april klokka 11:00 til gudsteneste i Todalen kyrkje. Torbjørn Brøske er liturg, medan Bernt G. Bøe er organist.
Les heile sakaI fjor vart asketrea, som i mange år hadde stått i alleen ved Talgø gård hogde ned. Det har etter dette vore spekulert i kva ein skulle bruke dei til, og forskjellege idear har vore diskutert. Til slutt kom Gunnar Nordvik med ideen om at det var mogleg å lage leikeapparat i lysløypa på Tjønnmyra av dei store trea.
Les heile sakaSurnadal Pensjonistlag inviterer til «trivselskveld» på Surnadal hotell onsdag 8. mai klokka 19:00.
Det blir servert ytrefilet av svin fra Sylte gardsslakteri med parmesanstekte poteter, smørdampa brokkolini og heimelaga pepparsaus.
Todalen bøgdalag gjennomfører årsmøtet sitt for 2024 i Todalen ungdomshus torsdag 25. april klokka 19:30. No er saklista til årsmøtet klar, og inneheld vanlege årsmøtesaker som årsmelding og rekneskap.
Les heile sakaI fjor haust og i vinter har det vore stor aktivitet med vedhogst og tømmerdrift på Talgø gård. I samband med at Sollid skog AS dreiv tømmerhogst i vinter vart det også hogd mykje ved. I tillegg har Kjell Gunnar Polden rydda skog oppover mot Svabu, Rydda bjørk rundt kokkhuset, og hogd older ved elvekanten, slik at folk kjem seg ned til elva.
Les heile saka