Ein ny og spennande sesong er like rundt hjørnet for Randoneelandslaget. Vi tykkjer det er artig at Trollheimen Fjellsportklubb held stand med 3 av sine medlemar på landslaget. Erik Kårvatn blir med vidare på seniorlandslaget, medan Aron Rodal Haugen og Isak Drøpping fortsett på juniorlandslaget.
Les heile saka
Stavganggruppa i Surnadal Pensjonistlag avslutta årets stavgangsesong med stavgangtur til Øygardashalsen på Vang. Tjuefire stavgangarar møtte opp for å bli med på sesongavslutninga, der starten gjekk frå IL Søya sitt klubbhus på Vang skisenter.
Les heile saka
Onsdag 25. september var det medlemsmøte i Surnadal Pensjonistlag, med godt oppmøte også denne gongen. Knappe femti medlemmer møtte opp i lokala til Surnadal Frivilligsentral på Skei for å vere med på medlemsmøtet. – Artig å arrangere når så mange møter opp, seier Anne-Sissel Ulven Mogstad, som er sekretær i pensjonistlaget.
Les heile saka
Natt til onsdag kom den første snøen, med litt snø på toppene. Sist natt kom det påfyll, og det var vel registrert snøfall ned til rundt 400 meter, eller der omkring. Når det klårna opp fekk vi sjå at det egentleg var ein forsmak på vinteren som vi nok må rekne med når vi no snart skriv oktober.
Les heile saka
Fredag 4. oktober klokka 20:00 inviterer Nordvik Grendalag til «høstquiz» i Nordvik forsamlingshus. Det blir servert snacks og eventuell drikke tek ein med sjølv, og «høstquizen» blir avslutta klokka 01:00.
Les heile saka
Todalen bøgdalag inviterer tysdag 1. oktober klokka 19:30 til ope møte om eventuell endring av vernestatus for Trollheimen. Møtet blir i Todalen ungdomshus og Hugo Pedersen kjem og orienterer om korleis dagens landskapsverneområde fungerer, og kva ei eventuell endringar frå landskapsverneområde til nasjonalpark og eventuell utviding av verneområdet vil ha å seie for framtidig bruk av Trollheimen.
Les heile saka
Tysdag tok Fjellgruppa i Surnadal Pensjonistlag turen til Telstadfjellet. – Vi starta frå Lunneplassen på Bergheim og følgde den ytre stien om Langurdenden til Telstadfjellet, fortel Anne V. Einum i Fjellgruppa.
Les heile saka
Det var sjølvsagt Todalen Sanitetsforening som stod som arrangør for førstehjelpskurset som var arrangert i Ungdomshuset måndag kveld, og høvet var Sanitetens veke som i år har førstehjelp for eldre som tema. Ut over eigen nytte så var kurset også aktuelt for pårørande og kanskje også for naboar?
Les heile saka
Torsdag 26. september klokka 11:00 sesongavsluttar Stavganggruppa i Surnadal Pensjonistlag med stavgangtur til Øygardshalsen.
Les heile saka
Litt kort varsel, men tysdag 24. september frå klokka 11:00 kjem AR Sjømat frå Averøy for å selje sjømat i Todalen. Denne gongen vil dei køyre frå dør til dør rundt bygda, slik at folk kan få kjøpt sjømat heime.
Les heile saka
Da er årets resultat for Demensaksjonen klart og Surnadal demensforening og helselag, sammen med Åsgaard helselag er kjempefornøyd med et topp resultat på til sammen kr 141.867. Stor takk til årets russekull ved Surnadal videregående skole, takk til ungdommene fra Surnadal ungdomsskole som har valgfaget «Innsats for andre» og takk til alle dere andre som gikk med bøsser for en god sak, skriver Surnadal Demensforening og helselag i en e-post til Todalen.no.
Les heile saka