På tide å sjå tilbake på eit par blinkskot frå bileta som har blitt sendt inn til dagens bilete her på todalen.no i september. Og best av alt, du kan få stemme fram din favoritt!
Les heile saka
På tide å sjå tilbake på eit par blinkskot frå bileta som har blitt sendt inn til dagens bilete her på todalen.no i september. Og best av alt, du kan få stemme fram din favoritt!
Les heile sakaSurnadal kommune informerte no i ettermiddag om at det blir drop-in vaksinering mot influensa og korona på Surnadal kulturhus i år. Her er informasjon om tidspunkt og gjennomføring av vaksineringa denne hausten.
Influensa- og koronavaksinering går føre seg i Svorkasalen på Surnadal kulturhus i perioden måndag 21. oktober til og med torsdag 24. oktober. Du kan få båe vaksinene samtidig. Ein blir spurt om dette når ein kjem til vaksinering.
Den første landbrukskonferansen var i 2011, og etterpå var det arrangement annakvart år fram til 2019 – og så kom pandemien og rota til. Men no er det omsider ny landbrukskonferanse på gang i Surnadal, og det skje i Surnadal kulturhus torsdag 7. november. Sett av dagen!
Les heile sakaFor rute 1061 Kvanne – Rykkjem har det vore driftsproblem i morgontimane, men Fjord 1 melder kl 5:55 at det vert normal drift i sambandet frå kl. 06:45.
Laurdag 19. oktober er det duka for ein sjeldan bokkveld i «Gullhuset» Rønnan i Stangvika. Da kjem nemleg nobelprisvinnar Jon Fosse sin redaktør, Cecilie Seiness, saman med ein av våre fremste forfattarar, Brit Bildøen. – Dette gler vi oss veldig til, seier Svein Sæter. Stangvikgardingen er styreleiar i Møre og Romsdal forfattarlag, som saman saman med Surnadal Heimbygdlag, Nordmøre Mållag og Sunndal Mållag er arrangørar denne kvelden.
Les heile sakaDet var folk på nærast alle benkerader i kyrkja da koret Prosjekt 17 inviterte til kyrkjesongkveld. Og jammen vart det song – både korsong og allsong og det var ein fryd for øret både for dei som song og for oss som berre høyrde på – songen fylte rett og slett kyrkja.
Les heile sakaFjellgruppa i Surnadal Pensjonistlag hadde tysdag invitert til fjelltur til Grytbakksetra øvst i Bæverdalen, men da det allereie var kome snø der, så vart det i staden tur til Årnes, Persullukammen og til slutt Ja-benken. Inga dårleg erstatning i følge rapportane!
Les heile sakaKartlegging av behov for tiltak med tanke på at folk skal bu i heimane sine lengst mogleg – dette både med tanke på at dei eldre har ønske om det og det er også med tanke på at det skal avgrense behovet for institusjonsplassar. Myndigheitene har pålagt kommunane å kartlegge dette behovet, og i Surnadal er […]
Les heile sakaTysdag 1. oktober vart ein festdag for Fjord1 og MF Stangvikfjord – det vart den offisielle dagen for overdraging frå verftet Havyard og Stangvikfjord foretok flaggbytte og kom under Fjord1s flagg. Det er no 4 år sia båten hadde sin jomfrutur og det går vel an å kalle det vaksendåp? Det var tidlegare ordførar Lilly […]
Les heile sakaSom eit ledd i jakt- og fiskeskule satsinga til Surnadal Jeger- og Fiskerforening (SJFF) inviterer dei søndag 20. oktober klokka 08:00 – 16:00 ungdommar i alderen 14 – 18 år til «støkkjakt» på rype med instruktørar på Fauskåfjellet.
Les heile sakaTodalen bøgdalag minner om tysdagens ope møte om eventuell endring i vernestatus for Trollheimen landskapsverneområde klokka 19:30 i Todalen ungdomshus.
Les heile sakaSanitetsforeninga har arrangert fire kløverturar i september; tre innafor Kammen og ei utflukt til Surnadalseidet og Kavlvegen.
Les heile saka