Fredag var det førehandssal av lodd til sanitetsbasaren i Sanitetshuset Fredag var det førehandssal av lodd til sanitetsbasaren i Sanitetshuset komande onsdag – 16. oktober. Da vi var innom Matkroken Todalen var det Ragnhild A. Moe som var på post, og Todalen Sanitetsforening hadde folk der i tidsrommet 10:00 – 16:00, fortalte Ragnhild.
Les heile saka
Sjølv om det enno er sommartid eit par veker til, så må vi nok bare innsjå at vinteren nærmar seg med stormskritt. Torsdag var det nysnø ned mot 3-400 meter og det var nyttig å kle seg litt ekstra da gradstokken nærma seg nullen. Yr.no melder at det framleis skal være «litt hustre», men etter kvart skal det bli litt mildare igjen.
Les heile saka
Bufdir har no opna for søknader om tilskot til inkludering av barn og unge for 2025.
Ein finn meir informasjon om tilskotsordninga og søknadsprosessen på bufdir.no/tilskudd/inkludering-av-barn-og-unge/
Les heile saka
Vi les i Driva at Midtnorsk Olje er komne på nye hender, og er fusjonert med NK Energi AS no i haust. Midtnorsk Olje er leverandør av drivstoff til Hals Oil, og vi finn det difor naturleg å ta ein prat med Rune Mogstad som har vore dagleg leiar og gründer i Midtnorsk Olje.
Les heile saka
Todalen sanitetsforening inviterer til strikkekaffe laurdag 12. oktober i tidsrommet 13:00 – 16:00. Vel møtt!
Les heile saka
Laurdag 19. oktober, mellom klokka 12:00 – 16:00, inviterer Nordmøre Forsvarsforening til open dag ved Krigsminnesamlinga på Åsen. Krigsminnesamlinga inneheld våpen, militært utstyr og uniformer frå andre verdenskrig (1940 – 45), med lokal tilhøyrigheit til krigshistoria for Surnadal kommune.
Les heile saka
Laurdag 12/10 markerer Matkroken «handle lokalt» dagen på Matkroken Todalen. Dette er ei årleg markering i dei såkalla «Merkurbutikkane, og denne dagen vil damene på Matkroken sette ekstra pris på at du kjem innom og blir med på feiringa. Laurdag held dei kaffetraktaren varm heile dagen som serverer gratis marsipankake, bakels og graut til kaffes i tidsrommet mellom kl. 10 og kl 15.
Les heile saka
No startar arbeidet med utbetring av tårnet på Todalen Kyrkje. Den siste veka har det pågått montering av stillas som må på plass før snekkararbeidet kan starte. Det er Averøyfirmaet Lunvik AS som leverer den tjenesta.
Les heile saka
Torsdag 10. oktober klokka 10:00 inviterer Surnadal Pensjonistlag til ny sesong med torsdagstrim på Surnadal frivilligsentral sine lokaler i Fiskegården på Skei.
Les heile saka
Julia Krajewska (11) frå Bjørli i Brusetmarka, og som er elev i sjette årstrinn ved Todalen og Stangvik oppvekstsenter på Evenshaugen, elskar dyr og natur. Dette var bakgrunnen for at ho sendte «fanbrev» til forfattaren av barnebokserien «Ville poter», Victor Nordahl.
Les heile saka
Todalen sanitetsforening inviterer til kløvertur i Toåa tursti måndag 7. oktober. Oppmøte ved Matkroken og start derifrå kl. 11:00. Alle er velkomne til å bli med ut på tur!
Les heile saka
Tittelen kan vel eigentleg misforståast, da ein kan tru det er felt tre storoksar og ein liten elg, men det er dei tre jegarane Kjell Gunnar Polden, Andreas Brøndbo og Fredrik Talgø som sjølv kallar seg «storoksar». og dei skaut laurdag ein liten elg!
Les heile saka