Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Basar i Sanitetshuset

Dordi Jorunn Halle Måndag 14. oktober 2024

Todalen sanitetsforening arrangerer basar onsdag 16. oktober i Sanitetshuset. Basaren startar kl. 18:00.

Les heile saka

«Elsikkerhetsdagen» i dag tysdag – Ta elsjekken for ein tryggare heim

Bjørn Gunnar Ansnes Sundag 13. oktober 2024

Kvart år den 15. oktober, markerer Svorka den nasjonale «Elsikkerhetsdagen». Elsikkerheit handler om trygg bruk av elektriske anlegg og utstyr i heimen. Elektriske feil og manglar er ei av dei vanlegast årsakene til brannar i Norge, og konsekvensane kan vere tragiske, med tap av både materielle verdier, og i verste fall liv. Det er viktig å hugse at ein som huseigar har ansvaret for å sikre at det elektriske anlegget er i god stand.

Les heile saka

ARMODgeddon – Svarrabærjets beste revy?

Jon Olav Ørsal Sundag 13. oktober 2024

Eg meiner at dette er det beste produktet vi har laga ever, seier Håkon Solem, som er sekretær og marknadsansvarleg for revyen ARMODgeddon.  Revyen skal ha premiere 31. oktober, og neste førestilling er laurdag 2. november.

Les heile saka


Kløvertur til Tjønnmyrane

Dordi Jorunn Halle Sundag 13. oktober 2024

Todalen sanitetsforening inviterer til kløvertur måndag 14. oktober. Oppmøte ved Matkroken og start derifrå kl. 11:00. Alle er velkomne til å bli med ut på tur!

Les heile saka



Åsskard kyrkje – Fyll kyrkja med song!

Jon Olav Ørsal Sundag 13. oktober 2024

For eit par veker sia var det ein flott songkveld i Todalen kyrkje, der P17-koret stod som arrangør, og fylte kyrkje med songglade sambygdingar og andre som lika å synge.  No er turen komen til Åsskard kyrkje, der det skal være songkveld onsdag kl 19.30.

Les heile saka

Svorka treng 4 nye elektrikarar

Bjørn Gunnar Ansnes Laurdag 12. oktober 2024

Hos Svorka skjer det mykje spennenda om dagen. Svorka er i sterk vekst og opplever auka etterspørsel etter tenestene sine, og da spesielt innanfor framtidsretta og berekraftige løysningar som solenergi, ladeanlegg og energirådgjeving, fortel Nils Heggem, dagleg leiar i Svorka Installasjon. For å møte denne etterspørselen lyser dei no ut fire stillingar som elektrikar.

Les heile saka

Bra oppslutning om den lokale handledagen

Jon Olav Ørsal Laurdag 12. oktober 2024

Laurdag feira Matkroken Todalen den lokale handledagen med bra oppslutning både frå bygdefolket og andre som stakk innom på ein handlerunde for å støtte nærbutikken.  Matkroken hadde invitert til gratis traktering med både marsipankake og graut og bakels til kaffen i Kaffekroken denne dagen.  Mange tok seg tid til ein kaffepause og praten gjekk livleg i kaffekroken utover dagen.

Les heile saka

Lokal handledag – byr på kaffelag i Kaffekroken

Jon Olav Ørsal Laurdag 12. oktober 2024

Det har lenge vore tradisjon at Merkurbutikkane, slik som Matkroken Todalen, markerer ein lokal handledag i oktober.  I dag er det nærast «ope hus» og markering av dagen på Matkroken i Todalen.  Damene på Matkroken vil i dag sette ekstra pris på at du kjem innom og blir med på feiringa, og held kaffetraktaren varm heile dagen og serverer gratis marsipankake og bakels med graut til kaffen i tidsrommet  mellom kl. 10 og kl 15.

Les heile saka

Saniteten: Kjøp lodd og bli ein vinnar

Jon Olav Ørsal Fredag 11. oktober 2024

Fredag var det førehandssal av lodd til sanitetsbasaren i Sanitetshuset Fredag var det førehandssal av lodd til sanitetsbasaren i Sanitetshuset komande onsdag – 16. oktober.  Da vi var innom Matkroken Todalen var det Ragnhild A. Moe som var på post, og Todalen Sanitetsforening hadde folk der i tidsrommet 10:00 – 16:00, fortalte Ragnhild.

Les heile saka