Vi må ikkje la krigsminna gå i gløymeboka, men tvert i mot passe på å ta vare på dei minna vi har – spesielt etter 2. verdskrig som tok slutt for snart 80 år sia. Krigshandlingane i Gaza og i Libanon og ikkje minst i Ukraina viser oss kor skjør freden er, og kor snart gjort det er å fyre opp igjen.
Les heile saka
Torsdag 31. oktober klokka 18:00 inviterer Nordvik grendalag små og store til Halloweenfeiring.
Les heile saka
Orklandbadet er med sine åtte ulike basseng, badstuer og sklier eit av Norges største og flottaste badeanlegg, og no har altså Svorka inngått avtale med dei, som gjev billigare badeglede for heile familien. No kan heile familien boltre seg og få ein dag med fine opplevingar og artige aktivitetar i vatnet.
Les heile saka
Det spørsmålet stiller Fredrik Græsvik i foredraget med same namn på Surnadal kulturhus onsdag 23. oktober klokka 19:00. Da held nemleg Fredrik Græsvik eit foredrag der fokuset er retta mot den internasjonale sikkerheitstilhøva i verda akkurat no, , med hovedfokus på Donald Trumps muligheiter for attval og kva det vil bety for USA og Verda.
Les heile saka
Basarsøg og god stemning i Sanitetshuset onsdagskvelden 16. oktober! I alt kom det inn ca. 40 000 kroner på årets basar! Todalen sanitetsforening helsar tusen, tusen takk til alle som har støtta basaren med loddkjøp og gevinstar. Både leiar, kasserar, styret og medlemmene er overvelda over den store givargleda.
Les heile saka
«Surnadal jeger og fiskerforening» står det på eit skilt på veggen på gamle Tellesbø bedehus når du køyrer oppover på nordsida. Men det er slett ikkje noko bedehus, men derimot er det no klubbhus for det som vi til dagleg kallar «jeger & fisk». Og dette er klubbhuset for over 300 medlemar som slett ikkje berre driv med jakt og skyting – visste du forresten at Surnadal jeger og fiskerforening har over 60 damer som medlemar og at styret har 80% kvinnedel?
Les heile saka
Tysdag 22. oktober klokka 19:30 kjem den populære forfattaren Anders Totland til Surnadal bibliotek for å ha bokprat med fokus på sin nyaste roman «Til døden skil oss». Totland har gjeve ut 17 bøker på 9 år, og er etter det Aftenposten meiner, kanskje sin generasjons mest allsidige forfattar. No har han kome med bok nummer to om Jacob Juul.
Les heile saka
Arnt Erik Otnes har ein luftig og kald arbeidsplass dei komande vekene – han held til på toppen av stillasjen som er montert rundt tårnet på kyrkja. Han fortel at det har vore lekkasje på deler taket i Tårnet, og no er det altså reparasjon på gang. Arnt Erik har heldt på eit par dagar med å fjerne takplatene, og har avdekt ein omfattande råteskade.
Les heile saka
Laurdag kveld tenner vi opp på peisen og lager ein triveleg kosekveld på Todalshytta, seier vertskapet Cristy og Arve Evensen på Todalshytta. Etter ein travel sommarsesong gler dei seg no til å invitere gjestar til ein kosekveld med god mat og drikke.
Les heile saka
Oktober starta med hustre ver; gråkalde dagar og regn, men og solgløtt. Folk som er ute på tur blir lett litt opptekne av veret, sjølv om det heiter: «Det fins ikke dårlig vær, bare dårlige klær!»
Les heile saka
Onsdag 23. oktober klokka 15:00 inviterer Surnadal Pensjonistlag til medlemsmøte i lokala til Surnadal frivilligsentral i Fiskegården på Skei.
Les heile saka
På fredag kunne driftsleiar for Toåa tursti, Ivar Bolme på vegne av Todalen Idrettslag overta den nye garasjen Talgø Bygg har bygd og sponsa turstien med. Den nye garasjen skal huse kantslåmaskina og slodden som blir brukt for å halde turstien velstelt gjennom sommarsesongen.
Les heile saka